Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Obos har opna tre nye vasskraftverk i Sogn og Fjordane

Med opninga av Anga, Eldao og Svardøla vasskraftverk har Obos energi no seks vasskraftverk i drift i Sogn og Fjordane. Fem til er under bygging i same fylke. Kraftverka ligg i Førde og Luster kommune.

Svardøla vasskraftverk i Sogn og Fjordane. Foto: Obos

Kraftverka er viktige for Obos' målsetting om å bli sjølvforsynte med eigenprodusert, fornybar straum i 2021, melder Obos.

– Vårt mål er å produsere 650 GWh med fornybar straum frå eigne småskala vasskraftverk. Med opninga av desse tre kraftverka har vi i dag 10 kraftverk i drift og fleire er planlagde eller under bygging, seier Marius Asheim, dagleg leiar for Obos Energi i ei pressemelding.

Annonse

Sogn og Fjordane er i dag eitt av dei tre fylka i Noreg med størst del utbygde vasskraftverk. Obos seier at dei ønsker å gjere så lite inngrep i naturen som mogleg.

– Vi låner litt av vatnet i elva, dette blir sendt gjennom ein turbin som produserer straum, før vatnet til slutt blir sleppt ut igjen i elva litt lenger nede. Kraftverket vil difor ha liten innverknad på lokal natur og dyreliv, seier Asheim.

Det er grunneigarane som tar seg av den daglege drifta av vasskraftverket, skriv Obos.

Obos opna tidlegare i år Rusdalsåni vasskraftverk på Moi i Rogaland, og driv òg Kvitno kraftverk i Odda kommune, Espeelvi vasskraftverk og Bråberg vasskraftverk i Ullensvang kommune.

Neste artikkel

– Vi blir aldri ferdige med denne jobben