Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nye reglar for utlegging av åte

Fôring og utlegging av åte er framleis lovleg, unntatt for store rovdyr, kongeørn og villsvin, når ei ny forskrift trer i kraft 1. januar 2020.

Ein åteplass for villsvin. Frå den blå tønna vert det spreidd 1–3 kilo fôr kvart døgn. Foto frå viltkamera: Pål Sindre Svae
Ein åteplass for villsvin. Frå den blå tønna vert det spreidd 1–3 kilo fôr kvart døgn. Foto frå viltkamera: Pål Sindre Svae

– Bruk av åte og fôring av ville dyr kan ha uheldige følgjer for både viltet, miljøet og oss menneske. Derfor må dette regulerast. Den nye forskrifta gjer det klart kva som er lov og ikkje, men gir også Fylkesmannen høve til å regulere fôring og utlegging av åte nærmare ved behov, seier seksjonsleiar Knut Morten Vangen i Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Forskrifta slår fast at all fôring av store rovdyr, kongeørn og villsvin er forbode, medan det er tillatt for andre artar.

Annonse

I ei høyring uttrykte fleire ønske om å kunne fôre villsvin for å halde dei unna avlingar. Miljødirektoratet vurderer at det ikkje er i tråd med målet i handlingsplanen mot villsvin om at det skal vere minst mogleg villsvin i Noreg, spreidd utover eit minst mogleg område.

Utlegging av åte til gaupe, jerv og villsvin kan berre skje i samband med lovleg felling av desse artane.

Utlegging av åte til bjørn kan i enkeltsaker tillatast av fylkesmannen.

Bruk av åte betyr å legge ut dyre- eller plantemateriale for å trekke vilt til åteplassen for jakt, fangst, merking, felling, overvaking, fotografering eller liknande. Fôring inneber å leggje ut dyre- eller plantemateriale for å gi næring til vilt, eller avleie vilt frå avlingar, trafikk, busetnad eller andre område der viltet kan gjere skade eller utgjere ein sikkerheitsrisiko.

Neste artikkel

Belønner jegere som sender inn prøver av villsvin