Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nye ordførarkjeder i lange banar

På Vestlandet sør for Stad skal 21 ordførarkjeder frå neste år erstattast med 8 nye. Dei dyraste kostar opp imot 350.000 kroner.

Ordførarkjeda til den nye Sunnfjord kommune. Foto: Univerket.no

Nokre klarer seg derimot med ordførarpynt til i underkant av 100.000 kroner, slik som Alver kommune, mens dei fleste har sett av ei ramme på 150.000–200.000 kroner, skriv Bergens Tidende.

Nokre av dei nye kommunane har komme lenger i arbeidet enn andre. Ordførarkjeda til kommunane Sunnfjord og Sogndal er ferdige, og smykket til Alver kommune snart ferdig. Både Sunnfjord og Øygarden får elles justerbare kjede som tar omsyn til at ordførarane kan vere store og små.

Annonse

Bjørnafjorden, Voss, Ullensvang og Kinn har enno ikkje bestemt seg for korleis ordførarkjeda skal sjå ut, men er godt i gang med planlegginga.

Kva som skal skje med dei 21 ordførarsmykka som ikkje lenger kan brukast, er uvisst, men fleire har planar om å stille dei ut i rådhus eller servicesenter.

Fylkesordføraren i Vestland får òg eit gildt kjede. Det kostar rundt 320.000 kroner og skal visast fram i Håkonshallen i Bergen 15. oktober.

Fram til 1960-talet var det berre dei største kommunane som hadde ordførarkjede, men særleg utover på 1990-talet fekk stadig fleire slike kommunale smykke. Dei siste kommunane fekk sine for berre ti år sidan, ifølgje Bergens Tidende.

Neste artikkel

Støre: Mye oppløftende ved valget