Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nye område blir verna i Vestland og Innland fylke

Femten skogområde i Vestland og Innland fylke blir verna. Verneforslaget er ein del av regjering si satsing på skogvern.

I dag er om lag 5 prosent av norsk skog verna. Foto: NTB
I dag er om lag 5 prosent av norsk skog verna. Foto: NTB

Områda det gjeld er mellom anna Stussvikhovda naturreservat i Kvinnherad og Bjørnafjord i Vestland. Området har eldre oseanisk kalkfuruskog, rik edellauvskog og vestnorsk regnskog. Alle desse er raudlista.

– Eg er glad for at vi kan avslutte 2020 med eit vedtak om vern av verdifull skog. Regjeringa har løyvd nær 3,3 milliardar kroner til skogvern på åtte år, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn i ei pressemelding.

Det er totalt 15 område som blir verna. Fire av dei 15 områda er verna frå før, men får utvida verneareal. Totalt har regjeringa verna 73 skogområde, som utgjer 148 kvadratkilometer med nytt verneareal, og 105 kvadratkilometer med produktiv skog.

Du kan sjå liste over område nedst i saka.

Frivillig skogvern

Det arealet som er verna i dag, er privateigd skog. Samarbeidet om frivillig vern av privateigd skog starta i 2003.

– Det er svært positivt at mange skogeigarar tilbyr frivillig vern. Utan innsatsen frå skogeigarane og organisasjonane deira hadde vi ikkje fått verna like mykje skog, seier Rotevatn.

Ved frivillig vern av skog bestemmer miljøstyresmaktene kva skogtypar og skogareal som bør vernast, og skogeigarane kan tilby areal for vern. Skogeigarane seier frå seg retten til å drive skogbruk i naturreservatet, og får erstatning for tap av framtidig inntekt frå skogbruk i området.

Normalt er jakt, fiske og hausting av bær og sopp tillate. Skogeigarane har framleis jakt-, fiske- og beiterett i området. Skogeigaren står fritt til å trekke seg undervegs i verneprosessen.

Mål om 10 prosent skogvern

I 2016 vart det vedteke av 10 prosent av all skog skal bli verna. I dag er det om lag 5,1 prosent som er verna, der 3,9 prosent er produktiv skog. Vedtake om vern vil bidra til å nå klimamålet til FN.

– Vern av skog er viktig for å ta vare på norsk naturmangfald. Vi skal verne dei viktigaste skogareala for å betre tilhøva for dei truga artane og naturtypane, seier statsråden.

Norge har stor variasjon av skog, også skogtypar som er sjeldne internasjonalt. Nesten halvparten av artane som er raudlista lev i skog, og hundrevis av insektartar, soppartar og enkelte fuglar er avhengige av død ved og gamal skog.

Desse 15 områda blir verna

1. Bugen naturreservat (utviding) i Bremanger kommune, Vestland

2. Krakksfjellet naturreservat i Solund kommune, Vestland

3. Bergsstronda naturreservat i Høyanger kommune, Vestland

4. Ulvenfjellet naturreservat i Bjørnafjorden kommune, Vestland

5. Stussvikhovda naturreservat i Bjørnafjorden og Kvinnherad kommune, Vestland

6. Skarvatun naturreservat i Kvinnherad kommune, Vestland

7. Uranes naturreservat (utviding) i Kvam herad og Voss herad, Vestland

8. Sagbekkskåra naturreservat i Engerdal kommune, Innlandet

9. Lekjenndalen naturreservat i Engerdal og Trysil kommunar, Innlandet

10. Stenmyra naturreservat (utviding) i Trysil kommune, Innlandet

11. Engene naturreservat i Nord-Odal kommune, Innlandet

12. Skjærberget naturreservat i Rendalen kommune, Innlandet

13. Misterlia naturreservat (utviding) i Rendalen kommune, Innlandet

14. Krokkletten naturreservat i Stor-Elvdal kommune, Innlandet

15. Skåbudalen naturreservat i Nord-Fron kommune, Innlandet

Neste artikkel

Fjellstøler ønsker million-erstatning 22 år etter vernevedtak