Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nye Ålesund kåra til «Årets nynorskkommune»

Nye Ålesund kommune er kåra til Årets nynorskkommune 2019. Dei får mellom anna prisen for å vere ein føregangskommune i arbeidet med å sikre nynorsken sin plass i fylkes- og kommunereforma.

Prisutdeling Årets nynorskkommune. Kulturminister Trine Skei Grande delte ut prisen. Geir Ove Leite, varaordførar i Skodje kommune, tok imot prisen på vegner av Nye Ålesund. Skodje er ein av kommunane som går inn i den nye storkommunen ved nyttår. Foto: Kjell Åsmund Sunde / Nynorsk pressekontor

Det var kulturminister Trine Skei Grande som overrekte prisen til Nye Ålesund kommune under eit arrangement på Kulturhuset i Oslo måndag. Det er Språkrådet og Kulturdepartementet som deler ut prisen.

– Det er klart det er stas og det er ei stadfesting av at språkarbeidet vi har gjort i førebuingane til samanslåinga har fungert, seier ordførar Eva Vinje Aurdal i Ålesund kommune. Ho blir og ordførar i Nye Ålesund kommune.

Annonse
Ordførar Eva Vinje Aurdal i Ålesund kommune. Foto: Kjell Åsmund Sunde / Nynorsk pressekontor

Juryen håpar prisen kan bidra til mykje godt nynorskarbeid i den nye storkommunen og til å skape trygge og gode nynorskbrukarar i heile kommunen

«Den nye storkommunen er ein føregangskommune i arbeidet med å sikre nynorsken i kommune- og fylkesreforma», heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Neste artikkel

Kjedene merker økt etterspørsel etter sau – nå kommer kjøttet i butikkene