Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny vigselordning kan styrkja banda til kommunen

– Vigselretten til kommunane har ein større symbolsk verdi enn ein kanskje hadde tenkt før ordninga blei innført for vel eitt år sidan, meiner ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid kommune.

Alfred Bjørlo, Venstre-politiker og ordfører i Eid i Sogn og Fjordane. Nominert til å vinne Årets Bygdeprofil 2017.

– Vigselretten til kommunane har ein større symbolsk verdi enn ein kanskje hadde tenkt før ordninga blei innført for vel eitt år sidan, meiner ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid kommune.

Bjørlo er kjent som ein ordførar med sterke meiningar om mangt og mykje, men overføringa av vigselretten til kommunane hadde den meiningssterke ordføraren eigentleg ikkje så sterke meiningar om før ordninga tok til å gjelda frå 1. januar i fjor. Då blei vigselretten for borgarlege vigslar overført frå tingrettane til kommunane.

Positivt overraska

– Eg var ikkje blant dei som var veldig negative, men eg hadde heller ikkje så store forventingar, fortel Bjørlo til Nynorsk pressekontor.

Etter å ha prøvd seg som vigselmann i snart eitt og eit halvt år, har han kome fram til at ordninga er viktigare enn han hadde rekna med.

Eg var ikkje blant dei som var veldig negative, men eg hadde heller ikkje så store forventingar,

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid

– Gjennom dei erfaringane me har hatt, ser eg at dette har stor symbolsk betydning. Det er ei høgtideleg rolle som eg trur det betyr noko for kommunen å ha, utdjupar han.

At folk vender seg til kommunen, og ikkje staten, for å få utført dei viktigaste handlingane i livet, trur han er med på å styrkja banda mellom innbyggjarane og kommunen og lokal identitet.

– Det viser at kommunen er noko meir enn berre å levera tenester til folk, seier han.

Kortare reiseveg

Mange som ville gifta seg borgarleg, måtte tidlegare reisa ut av kommunen for å koma til tingrettane sine. Med den kommunale vigselretten meiner førstekonsulent Hilde Opedal ved Hardanger tingrett at mange har fått eit betre tilbod.

– I Hardanger tingrett synest me det var leit å ikkje skulle via lenger, men me ser at det kommunale tilbodet gjev innbyggjarane kortare reiseveg til vigselplassen, og på det viset er eit betre tilbod, seier ho.

Ho peikar også på at tingretten i Hardanger heller ikkje hadde høve til å utføra vigsler utanfor kontortida måndag til fredag, eller til å reisa andre stader der folk ønskte å gifta seg.

Dette har det også blitt ei forandring på med den nye vigselretten. Opedal viser til at kommunane kan ta betalt for meirutgifter knytt til slike oppdrag og at dei dermed har høve til å tilby meir fleksible vigseltenester.

Annonse

Ein kan ikkje berre bruka den same malen for alle.

Inger Eitrheim Johansen i Odda kommune

Meir fleksibilitet

Sjølv om kommunane i utgangspunktet tilbyr vigsle på kommunehuset eller rådhuset, er dei opne for at folk kan koma med andre ønske. Alfred Bjørlo har vigd folk både på heimegarden deira, i parken i Eid sentrum og andre stader. Den travle ordføraren prøver også å stilla opp utanom vanleg kontortid. To av vigslene har vore på sjølve nyttårsaftan.

Forsand-ordførar Bjarte S. Dagestad har på si side vigd folk på Preikestolen, mens Roald Aga Haug i Odda gjerne stiller opp for å vie folk på Trolltunga

Ordførarane er fornøgde med å ha fått vigselsrett. Foto: Colourbox

Varierande pågang

Før ordninga tok det til å gjelda var det mange ordførarar som frykta at overføringa av vigselretten til kommunane ville føra til mykje meirarbeid for ordførarane. Fleire kommunar Nynorsk pressekontor har snakka med synest likevel pågangen har vore mindre enn dei venta.

Kor mange vigsler ordførarane har hatt, varierer mykje frå kommune til kommune. Eid kommune hadde i fjor tolv borgarlege vigsler. Så langt i år har kommunen hatt to.

Odda kommune i Hordaland har på si side hatt seks kommunale vigsler til saman sidan ordninga tok til å gjelda.

– Eg vil tru det har vore færre oppdrag enn dei fleste ordførarane hadde tenkt seg, seier ordførar i Odda, Roald Aga Haug (A).

Ordførar Bjarte S. Dagestad i Forsand kommune i Rogaland (H) har sidan januar 2018 hatt to vigsler. Han peikar på at Forsand tradisjonelt har få borgarlege vigsler, og at kommunen i snitt hadde to borgarlege vigsler i året før vigselretten blei endra.

Kjekt og krevjande

Felles for alle ordførarane Nynorsk pressekontor har snakka med er at dei opplever det å via folk som ei kjekk oppgåve som dei har positive erfaringar med. For saksbehandlarane i kommunane er det likevel ein del usynleg arbeid som må ordnast både før og etter sjølve vigslene. Det dreier seg både om rein saksbehandling og arbeid knytt til sjølve seremonien.

– Dette er ein viktig dag for folk, difor er det viktig å snakka med brudeparet om kva dei ønskjer seg. Ein kan ikkje berre bruka den same malen for alle. Nokre vil kanskje ha eit spesielt dikt eller eit musikkstykke. Me må også vita om ringane skal setjast på under sjølve seremonien eller om brudeparet skal kyssa til slutt, seier saksbehandlar Inger Eitrheim Johansen i Odda kommune.

Neste artikkel

Pelsdyrbonde: – Jeg legger meg ikke ned og dør frivillig