Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny miljøtrend i det norske strikkemiljøet

Fleire og fleire strikkarar vil ha miljøvennleg og berekraftig garn. Det auka fokuset på at klede utløyser mikroplast ved vask er truleg ein stor del av grunnen.

Fleire og fleire strikkarar vil ha miljøvennleg og berekraftig garn. Foto: Janne Grete Aspen
Fleire og fleire strikkarar vil ha miljøvennleg og berekraftig garn. Foto: Janne Grete Aspen

Den sjuke kvalen på Sotra som for to år sidan måtte avlivast fordi magen var full av plastposar, var ein miljøvekkjar for svært mange, også i strikkemiljøet.

Annonse

– Kvalen var eit vendepunkt. Det har absolutt vore ei utvikling og bevisstgjering om klede og miljø hos alle dei to-tre siste åra, også hos strikkarar. I tillegg til kvalen har auka fokus på andre miljøsaker, forsking, bøker og anna verka inn, seier tekstilforskar Ingun Grimstad Klepp ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO til NRK.

– Dei tenkjer meir på berekraft og miljø både i val av garntypar og i forståinga av at ulike garnkvalitetar eignar seg til ulike føremål. Det som skjer no, er at ull ikkje berre er ull, men at det også blir skilt mellom kvar ulla er produsert og korleis det skjer, seier ho.

Neste artikkel

Tine gikk bort fra pappbegre – nå satser de igjen