Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny merkevaremåling: NRK toppar, TV 2 taper

NRK er for femte året på rad kåra til Noregs sterkaste merkevare, føre Zalo og Norvegia. TV 2 fell til 24.-plass på lista.

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

– Eg er mållaus og dei som kjenner meg veit at det ikkje ligg til meg å vere akkurat det. Men vi merkar at både media generelt, men også NRK spesielt, står veldig sterkt og særleg i tider som vi står i no, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen til Kampanje.

Det er femte året på rad at NRK toppar lista til Kantar, som blir dominert av produkt som mat, såpe og daglegvarekjedene. Oppvaskmiddelet Zalo, Tine-osten Norvegia, dopapirprodusenten Lambi og Wasa knekkebrød utgjer dei resterande topp 5-plasseringane.

Kantar-målinga tek for seg kjennskapen og preferansen til nordmenn til forbrukar- og medierelaterte merkevarer.

Annonse

Vi må heilt ned til 24.-plass for å finne NRKs sterkaste konkurrent, TV 2. Sist TV 2 var høgt oppe på lista, var i 2010 då kanalen låg på ein tiandeplass. TV 2 har sett i gang ein merkevarestrategi for å gjere tydeleg og fornye merkevara.

– Vi kan jo ikkje vere skuffa over hovudfunna her, som er at TV 2 framleis er ei godt kjend merkevare. Samtidig hadde vi helst sett ei høgare plassering, og har absolutt ambisjonar om å klatre oppover på lista, seier Willand.

(©NPK)

Neste artikkel

Tåkelegging fra professorer betalt av Q-Meieriene