Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny forsking viser at grisar meistrar enkle dataspel

Ein studie frå USA viser at grisen har høgare kognitive evner enn først antatt.

Omelette var blant grisane som var med i eksperimentet. Foto: Eston Martz / Pennsylvania State University
Omelette var blant grisane som var med i eksperimentet. Foto: Eston Martz / Pennsylvania State University

Studien kjem frå Purdue University i USA og viser at gris forstår samanhengen mellom ein styrespak, eller joystick, og det som skjer på skjermen føre dei. Forskarane som har gjennomført studien meiner det er merkverdig.

— At dyra viser at dei forstår at åtferda deira gir utslag andre stadar, er ikkje ei lita bragd. At grisar kan gjere dette i det heile, gjer at vi må tenke på alt det andre dei kan lære, og korleis det dei lærer påverkar dei, seier forskar Candace Croney til Frontiers. Ho er professor ved Purdue University, i tillegg til å vere leiar av Purdue Center for Animal Welfare.

Liknar hundar

Tidlegare studiar har vist at grisar klarer å lære liknande kommandoar som hundar, men også meir komplisert åtferd som krev at dei endrar seg etter forholda rundt dei.

Croney meiner det er viktig å vite meir om korleis grisane lærer for å betre forstå korleis vi kan legge til rette for dei.

— Denne typen studiar er viktige fordi måten vi samhandlar med dei har påverknad på livet deira. Vi er etisk forplikta til å forstå korleis grisar får informasjon, og kva dei er i stand til å lære og huske, fordi det til slutt har påverknad for korleis dei oppfattar miljøet rundt dei, seier Croney.

Candace Croney og grisen ved namn Omelette. Omelette var ein av fire girsar som var med i eksperimentet. Foto: Eston Martz / Pennsylvania State University
Candace Croney og grisen ved namn Omelette. Omelette var ein av fire girsar som var med i eksperimentet. Foto: Eston Martz / Pennsylvania State University

Grisane nådde ikkje heilt opp til same nivå som andre såkalla ikkje-menneskelege primatar, som til dømes apekattar. Det kan forskarane delvis forklare ved at eksperimentet ikkje var laga for grisar i utgangspunktet, men for nettopp apekattar.

Kan bli brukt til dyrevelferd

Annonse

Dei siste åra har både kunnskapen rundt og tilrettelegginga for gris kome langt i Norge, og det har blitt meir fokus på å stimulere grisen når han er inne i fjøset. Det er i dag eit forskriftsfesta krav at grisen skal ha noko å aktivisere seg med i bingen til ei kvar tid.

— Alle grisar skal alltid ha noko å gjere på, rote i eller aktivisere seg med, og det er det krav om i dyrevelferdsprogrammet for svin. Det kan vere halm, avispapir og andre ting dei kan få øydelegge, seier Stine Margrete Gulliksen i Animalia. Ho er spesialveterinær, og har vore ein del av gruppa som har utarbeidd dyrevelferdsprogrammet.

Ho seier å stille krav om dataspel i grisebingen ikkje er aktuelt akkurat no, men at ein aldri skal seie aldri.

— Vi er opptatt av at grisane skal ha det bra, og det er jo naturleg at aktuelle forskingsmiljø kan sjå på alternative metodar for å sørge for at grisen har nok stimuli. Men å få dataspel i grisebingen er nok langt fram i tid, om det nokosinne kjem til det, seier ho.

Smarte dyr

Ho er positiv til at det blir forska meir på grisar, og seier at det gjeld å legge til rette for at dyra skal ha det så bra som mogleg.

— Det er flott at det blir gjort såpass mykje forsking på dyrevelferd, og at vi får meir kunnskap om intellektet til grisen og korleis grisen ønsker å ha det, seier Gulliksen.

Ho legg til at det er veldig viktig for grisevelferden at han har noko å leike med, undersøkje og øydelegge, som avispapir, halm eller kvist. For grisen er det også viktig at materialet har ein nyheitsverdi, elles går han lei.

— Det skal vere nytt og spennande, og noko som kan bli øydelagt ved at grisen riv og slit i materialet. Det er viktig at dei skal ha noko å gjere på, og det er det òg krav om, seier ho.

Neste artikkel

Politiet henlegger saken mot fem personer som var anmeldt for ulvejaging