Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny forsking: Fleire høns dør når dei er frittgåande

I Norge er dødelegheita høgare for frittgåande høns enn for burhøns, men forskarar vil ikkje konkludere med at det er driftsforma som er hovudårsaka.

Det er høgare dødelegheit blant frittgåande høner enn burhøner, viser ein ny studie. Dødelegheita kan likevel bli lågare enn ved burhøns. Arkivfoto: Benjamin Hernes Vogl
Det er høgare dødelegheit blant frittgåande høner enn burhøner, viser ein ny studie. Dødelegheita kan likevel bli lågare enn ved burhøns. Arkivfoto: Benjamin Hernes Vogl

Forskarar frå Brasil og Spania har sett på ulike driftsformer rundt om i verda for å finne ut kva driftsformer som har høgast dødelegheit. Funna viser at fleire frittgåande høns dør, enn høns som er i bur. Dette viser også tal frå Nortura sin eggkontroll.

Tala viser at dødelegheita blant frittgåande høns er på 4,49 prosent, medan dødelegheita blant høns i bur er på 2,54 prosent.

– I Norge er delen høns i innreia bur låg. Det gjer det utfordrande å samanlikne tal frå dei to driftsformene, seier veterinær Käthe Elise Kittelsen i Animalia, til Forsking.no.

Fakta

Ulike driftsformer

I 2019 var 76,5 prosent av høns i Norge frittgåande. Det vil seie at dei går fritt inne i såkalla aviar, og kan bevege seg mellom ulike etasjar. Kravet er minst ein kvadratmeter per 9. dyr. Dyra går ikkje utandørs i slike system.

I 2012 var 44 prosent av høns i bur, medan i 2019 var det berre 15 prosent. Kravet for å ha høns i bur, eller miljøbur, er mellom anna at det skal vere minst 850 kvadratcentimeter per dyr, og maks 5,5 dyr per kubikkmeter.

Det er 7 prosent som blir drive økologisk i Norge. Høner som blir drive økologisk er frittgåande, og har tilgang til uteareal. Det skal vere maks 6 høner per kvadratmeter.

Det er 1,5 prosent som driv med frilandshøns. Det vil seie at produksjonen er konvensjonell, men dyra har utegang.

Kjelde: Animalia.no

Forskarane har sett på 16 land, inkludert Norge, i denne studien.

Går ned med erfaring

Studien som er publisert på Scientific Reports, viser likevel at dødelegheita blant frittgåande høns går ned etter kvart som bøndene får erfaring med drifta, og vil ikkje konkludere med at det er driftsforma som fører til dødelegheit.

Annonse

Dei fann derimot ut at dødelegheita går jamt ned etter kvart som landa og bøndene får meir erfaring og kunnskap med frittgåande høner.

Det same viser tal frå Norge.

– Samtidig som kunnskapen om frittgåande drift har auka hos bønder og i næringa, har avlsselskapa jobba med å skape fuglar som er tilpassa lausdriftssystem. Dette slår positivt ut på målingar på dødelegheit, seier Kittelsen til nettstaden.

Høner i miljøbur har tilgang til strøbad, som skal stimulere til å hakke, skrape og sandbade. Arkivfoto: Benjamin Hernes Vogl
Høner i miljøbur har tilgang til strøbad, som skal stimulere til å hakke, skrape og sandbade. Arkivfoto: Benjamin Hernes Vogl

Sidan år 2000 har det vore ein nedgang i dødelegheit blant frittgåande høner. For kvart år bonden har erfaring, går dødelegheita ned frå 0,65 prosent til 0,35 prosent. Det svarar til ein nedgang i dødelegheit på 4 til 6 prosent per tiår.

– Motbeviser seigliva myte

Marianne Kulø er fagleiar og sivilagronom i Dyrevernalliansen, og seier det er ein viktig studie.

– Å la hønene gå fritt har tvert i mot eit større potensial for lågare dødelegheit, fordi det framleis er rom for forbetring, seier ho til forsking.no.

Dette blir også nemnt i rapporten. Når driftstype og erfaring blir samanlikna, er ikkje dødelegheita høgare blant frittgåande høner, og at dersom ein held fram med forbetringar både i driftsforma og avlssystemet, så kan dødelegheita bli lågare enn ved burhøns.

Neste artikkel

Vet du hvorfor noen eggeplommer er gulere enn andre?