Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

NVE melder om stor flaumfare i helga

Varmen i helga kan føre til stor vårflaum fleire stadar i helga.

Noregs vassdrags- og energidirektorat melder om flaum i heile landet i helga. Her frå flaumen i Bismo i 2018. Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix / NPK
Noregs vassdrags- og energidirektorat melder om flaum i heile landet i helga. Her frå flaumen i Bismo i 2018. Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix / NPK

Varmegradane som kjem i helga vil føre til stor snøsmelting i fjella. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) melder om flaum, jord og snøskred i heile landet, skriv NRK.

I Nord-Noreg skal det vere 95 prosent sannsyn for flaum med vedvarande alvorlege skadar, i Trøndelag er sannsynet for flaum 90 prosent, medan det i Sør-Noreg er 75 prosent sannsyn i Gudbrandsdalslågen ved Losna.

Annonse

Ole Irgens, kommunikasjonssjef i Tryg Forsikring, seier til NRK at dei forventar skadar på bustadhus og industri til ein halv milliard kroner. I tillegg kjem skadar på dyrka mark.

(©NPK)

Neste artikkel

Bøndene vågar seg ikkje inn til byen fordi ferjekøen er for lang