Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

NRK er i gang med ny organisering av distriktskontora

Innspel frå distriktskontora og tillitsvalde i NRK skal vege tungt for den nye organiseringa som kjem av at fylka blir slegne saman i januar 2020, seier distriktsdirektør Marius Lillelien i NRK.

NRK er midt i prosessen der dei skal bestemme korleis dei skal organisere distriktskontora. Omorganiseringa blir ein del av fylkessamanslåingane i januar 2020. Foto: Anne Liv Ekroll

– Når vi ber om innspel, er det fordi vi er interesserte i å lytte til dei. Vi skal lytte til dei beste innspela vi får og ta omsyn til det, seier distriktsdirektør Marius Lillelien i NRK til Nynorsk pressekontor.

NRK er midt i prosessen der dei skal bestemme korleis dei skal organisere distriktskontora. Omorganiseringa blir ein del av fylkessamanslåingane i januar 2020. Dei kommande vekene samlar dei inn innspel frå dei fem regionale leiargruppene i NRK og foreiningane til dei tilsette. Det skal legge grunnlaget for å bestemme den nye organiseringa som følger av samanslåing til nye fylke i januar.

Det er tidlegare gjort kjent at NRK vil følge den nye fylkesinndelinga når 18 fylke blir slegne saman til 11, da distriktskontora i statskanalen tradisjonelt har vore delt inn etter fylkesgrensene. Det vil seie at dei vurderer både endringar i namn og sendestruktur i fylka som blir slåtte saman og byter namn.

Framleis til stades lokalt

Viken, Vestland og Troms og Finnmark er dei største nye fylka. Dels med store geografiske avstandar og dels med stor befolkning. Det blir òg ein ny situasjon i Vestfold og Telemark. Noko av utfordringa for NRK blir å vere til stades lokalt, samtidig som dei skal ha ein redaktør som er ansvarleg for heile det nye fylket.

Fleire av distriktssendingane på TV har allereie samsendingar over fylkesgrensene som svarar til dei nye fylka. Døme på det er NRK Sørlandet, Vestlandsrevyen og Nordnytt. Men på radio ønsker NRK å halde på ei lokal dekning.

– På radio trur vi at vi kjem til å løyse det lokale oppdraget best ved å ha sendingar som dekker mindre område enn dei nye store fylka. Rundt i landet kjem vi til å tenke at vi beheld sendingane meir lokalt enn dei nye storfylka, fortel Lillelien.

Han grunngir det med at radio i sin natur er meir lokalt.

– Innhald som til dømes vêr, trafikk, vegforhold, dialekt, identitet og lokal musikk gjer at det fungerer betre lokalt.

Annonse

Lokalt i kvardagen, samsending ved høve

Eitt eksempel på å halde på radiosendingar lokalt er nye Vestland fylke, der ei arbeidsgruppe i NRK Region Vest har bestemt at dei skal halde fram med eigne radiosendingar frå Førde og frå Bergen, samstundes som kontora skal samarbeide meir enn før.

– Heilt konkret meiner vi dette er det beste for publikum, men at vi skal ha meir samsendingar når det er journalistisk motivert. Vidare skal vi ha eit eige arbeide på kva sendingane skal heite, skriv Terje Gilleshammer, distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane i ei melding til Nynorsk pressekontor. Han er òg leiar for arbeidsgruppa i NRK Region Vest.

Ved nokre anledningar som no ved valet, kjem Hordaland og Sogn og Fjordane til å samsende. Og i andre høve der er ei stor hending gjeld heile fylket. Men i kvardagen vil sendingane dekke mindre område.

Skal vere klart i november

Den største utfordringa for dei som skal gjennomføre den nye organiseringa, er Viken fylke. Der må dei ta stilling til korleis dei organiserer Akershus som no samarbeider med Oslo, og Buskerud som i dag er del av NRK Austafjells saman med Telemark og Vestfold.

– Vi jobbar ekstra med korleis vi skal løyse Oslo og Viken i framtida, men trur vi skal finne ei god løysing, seier Lillelien.

Han anslår at dei endelege avgjerdene om organiseringa vil bli tatt i november.

– Mykje kjem til å vere klart i midten av oktober. Vi lagar innstillingar etter å ha vurdert innspela frå regionane og dei tillitsvalde. Desse skal så bli behandla av leiinga i NRK og takast ut igjen i organisasjonen.

I starten av januar skal dei nye flatene vere på plass, også med nye sendetider, da distriktssendinga på TV skal gå i beste sendetid klokka 19.45.

– Det er ikkje sikkert at alle detaljar er på plass, men 2. januar skal vi vere klare med tilbodet til publikum, seier Lillelien.

(©NPK)

Neste artikkel

– NRK set oss ikkje i stand til å gjera den jobben me eigentleg skal gjera