Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norsk tømmer kan erstatte sukker i kraftfôr

Norsk tresukker kan erstatte 70.000 tonn importert sukker. Ryfylke i Rogaland får første fabrikk.

Norsk tresukker kan erstatte 70.000 tonn importert sukker. Illustrasjonsfoto: Hans Bårdsgård
Norsk tresukker kan erstatte 70.000 tonn importert sukker. Illustrasjonsfoto: Hans Bårdsgård

No kan sukkeret som tidlegare vart importert frå Latin-Amerika og Asia bli produsert i Norge. Det er Fiskå Mølle som skal starte fabrikken i Ryfylke i Rogaland. Det blir den første i verda, ifølge NRK.

– Det er om lag 70.000 tonn sukker som blir importert frå utlandet til norsk kraftfôrindustri. No kan vi snart erstatte det med norskprodusert sukker, seier Tommy Nordbø til kanalen. Han er marknadssjef i Fiskå Mølle.

Prosjektet har fått 20 millionar kroner frå Innovasjon Norge. AT Skog vil vere dei største eigarane, og skogen skal bli henta frå Rogaland, Vestland, Agder og Telemark.

Annonse

Både landbruks- og matminister Olaug Bollestad og skognæringa sjølv er veldig positive til prosjektet. Fabrikken skal bruke 200.000 kubikkmeter tømmer til produksjonen, og vil auke forbruket av massevirke i norsk industri.

– Tidlegare har det blitt eksponert mykje tømmer ut av landet. Denne fabrikken vil kunne auke verdiskapinga på råstoffet vårt. Det er spennande og gledeleg, seier fylkesskogmeister Stein Bomo i Rogaland.

Neste artikkel

Disse partiene støtter «bondeopprøret» - og dette mener de må gjøres