Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norsk Protein fryktar at råstoffet kan bli «stole»

Kommunale biogasselskap kan ta slakteriavfallet frå dei norske slakteria, som tidlegare har gått til Norsk Protein.

Restar frå slakt kan nyttast til å lage husdyrfôr.  Foto: Lars Bilit Hagen
Restar frå slakt kan nyttast til å lage husdyrfôr. Foto: Lars Bilit Hagen

Norsk Protein leverer mellom anna animalsk feitt til fôrprodusentar. Administrerande direktør Lars Aashammer, fryktar at råvarene selskapet er avhengige av kan forsvinne til biogassanlegg.

– Det er eit svært attraktiv råstoff, og vi kan dermed anta at slakteria vil oppleve ein pågang frå biogassindustrien om å levere råstoff, seier han til bladet Kjøttbransjen.

Norsk Protein tek inn biprodukt og avfall frå norske slakteri og foredlar avfallet til kjøttbeinmjøl og animalsk feitt.

Annonse

– Dersom mykje av det tradisjonelle råstoffet forsvinn, vil leveransane av feitt til norske fôrprodusentar bli redusert, seier Aashammer.

Han meiner norske slakteri bør vere oppmerksame på at å levere til biogassanlegg i staden for til Norsk Protein kan svekke deira eiga stilling.

Neste artikkel

Brudd i forhandlingene for bryggeri og mineralvannfabrikker