Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norsk kunstnar har laga det vakraste frimerket i verda

Kunstnar Viggo Ree frå Åmot i Østerdalen har måla bildet på frimerket som er kåra til det vakraste i verda.

Snøugla måla av Viggo Ree er kåra til det vakraste frimerket i verda gitt ut i 2018. Foto: Illustrasjon / Posten

I ein internasjonal konkurranse har «Snøugla» av Viggo Ree vorte kåra til det vakraste frimerket som vart gitt ut i fjor.

Konkurransen vart arrangert av det spanske frimerketidsskriftet El Eco.

Annonse

− Det er svært hyggeleg at frimerka våre oppnår gode resultat internasjonalt, og eit klart bevis på den høge kvaliteten på norske frimerke, skriv konsernsjef Tone Wille i Posten i ei pressemelding.

Snøugle-frimerket er trykt i eit opplag på 6,5 millionar eksemplar.

Neste artikkel

Coop vokser på industri – går inn som eier hos Norsk Kvalitetsmat