Annonsesnøret dei har kasta ut er "NJFF søker jakt- og fiskefluencere til årets villeste sommerjobb!" og det dei jaktar på er eit ungt par eller to gode vener, som kan tenkje seg å dokumentere og promotere aktivitetane i klubben.
Kontaktperson er Karina Gjerde, som er barne- og ungdomskonsulent i organisasjonen.
– Vi har lyst til å vise det som skjer i organisasjonen vår, over heile landet. Og vi vil ha eit ungt og friskt blikk på det.
Ho seier dei kunne vald å bruke profilerte influencarar - slike dei alt i dag har i ei ambassadørordning, men at dei denne gongen ønskjer seg noko anna.
– Det vi er ute etter er nokon som er skikkeleg flinke til å filme og fotografere. Dei treng ikkje ha nokon kanal frå før, men har formidlingsevne og -lyst og kan stå både framfor og bak kamera.
Annonsen låg ikkje lenge ute før interessen tok til å melde seg.
Jobben er eit prosjekt, og Gjerde seier ho ser for seg at teamet reiser Noreg på langs og stoppar der det er NJFF-aktivitetar.
Der skal dei teste ut aktivitetane, medlemsfordeler, kurs og liknande.
Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) er ein landsdekkande organisasjon for jegerar og sportsfiskarar og er eit viktig miljø for formidling av kunnskap om jakt og fiske.
– Vi er ein partipolitisk nøytral organisasjon, men har eit sterkt jakt-, fiske-, og naturpolitisk engasjement i mange saker, skriv dei i annonsen.