Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fleire jordbærbønder vurderer å ikkje produsere i år

– Skal det vera produksjon av bær i 2020 eller ikkje? spør leiar Olav Etnestad.

Leiar Olav Etnestad i Norges bærdyrkarlag. Foto: Privat
Leiar Olav Etnestad i Norges bærdyrkarlag. Foto: Privat

– Norges bærdyrkarlag har følgd situasjonen kring smittespreiing av koronavirus i Europa. Mange bærprodusentar vurderer no å kansellere årets bærsesong. Innhausting av nærmare 15 000 tonn bær står i fare, skriv Norges bærdyrkarlag i ei pressemelding torsdag.

Bekymringane til bærnæringa gjeld fyrst og fremst moglegheita til å hente inn haustehjelp i år. Grøntnæringa i Noreg har i over 30 år nytta arbeidskraft særleg frå Aust-Europa. No lurar dei på korleis det blir å hente arbeidarar frå og utanfor EU og på grunn av koronavirustiltaka.

Lagleiar Olav Etnestad er sjølv jordbærbonde på Biri i Gjøvik. Han stadfestar over telefon til Nationen at fleire av produsentane har vurdert å ikkje produsere i år.

– Det er stor uro ute og går. Me har så mange spørsmål utan svar. Det er ingen som kan lastast for dagens situasjon, men det er veldig stor spenning knytt til den. Produsentane lurar på kva dei skal gjera no som dei snart skal plante.

– Kan me vente oss at ting ordnar seg? Det kostar 10.000 kroner målet for etablerte felt før me haustar for ei einaste krone. For nye felt kostar det frå 35.000 og oppover, seier Etnestad.

Lagleiaren seier at dette kan bety ei utradering av bransjen.

– Me snakkar om å forskotere ein halv million kroner før me har tent av ei einaste plante og kjøpt ein einaste emballasje. Ingen veit noko som helst om korleis dette utviklar seg over sommaren, seier han.

Norges bærdyrkarlag er bekymra for årets bærsesong. Foto: Lars Bilit Hagen
Norges bærdyrkarlag er bekymra for årets bærsesong. Foto: Lars Bilit Hagen

Håpar på krisepakke

Annonse

Etnestad fortel at han og resten av styret i bærdyrkarlaget dagleg får spørsmål frå produsentar som lurar på kva dei skal gjera.

– Den enkelte tar sine eigne avgjerder, men risiko rundt økonomi er det som er overordna alt.

Snittprodusenten har femti mål i Noreg. Etnestad seier at dei som har femti mål og oppover treng mannskap på femti til sytti rutinerte plukkarar.

– Det som er så vanskeleg no er at gjennom tretti år har me bygt opp erfaring. Dei som plukkar med oss og me med dei. Dette er årsaka til at folk tel på knappar om dagen. Mange vaknar om natta og lurar på korleis det går. Har me gard om eit år?

Etnestad seier at dei håpar på hjelp i krisepakka frå regjeringa.

– Me må jo håpe. Me er sjølvstendige, men me er ei heilt anna grein av landbruket enn dei som driv med husdyr der det er ein stor maskinell del av produksjonen. Her går det aller meste manuelt, seier leiaren.

Vil ha avklaringar

Bærdyrkarane vil ha svar frå statleg hald på kva som skjer før påske.

Dei vil ha svar når det gjeld krisepakker, moglegheita til å hente utanlandsk arbeidskraft, kompensasjon for bruk av norsk arbeidskraft og kva tryggleik norske bærprodusentar har for at eventuell norsk arbeidskraft vil kunne delta gjennom heile haustesesongen.

– Me har eit par veker på oss. Dei tidlegaste har alt begynt å plante, seier Etnestad.

Neste artikkel

Køen av vandrere over Besseggen?