Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nordlandske ordførarar etterlyser konsekvensutgreiing i rovdyrforvaltinga

Ordførarar i Nordland har sendt eit brev til Klima- og miljødepartementet, der dei klagar på at departementet overprøver den lokale rovviltnemnda.

Spørsmålet om kvar yngleområda for bjørn skal vere, er eit av punkta om rovviltforvaltinga der nordlandske ordførarar er misnøgde med forvaltinga. Foto: Per Harald Olsen, NTNU
Spørsmålet om kvar yngleområda for bjørn skal vere, er eit av punkta om rovviltforvaltinga der nordlandske ordførarar er misnøgde med forvaltinga. Foto: Per Harald Olsen, NTNU

"Ordførere i Nordland har en forventing til at det også i Nordland skal være regional forvaltning i rovviltpolitikken. Vi vil ikke akseptere at våre lokalsamfunn blir lagt ned som følge av rovviltpolitikken. Slike mulige virkninger må under enhver omstendighet utredes før det blir et faktum. Å plassere yngleområde for bjørn midt oppe i et lokalsamfunn som i dag er prioritert beiteområde for sau og kalvingsland for rein vil være en handling med slike sannsynlige virkninger."

Det skriv ordførarane.

Planar vert stoppa

Harald Lie, ordførar (Sp) i Hattfjelldal står saman med Rune Berg, ordførar (Sp) i Saltdal, i front blant ordførarane.

Lie seier dei er svært urolege for situasjonen.

Han fortel at bortsett frå nokre få kommunar, er beitenæringane i fylket i utgangspunktet pressa av både jerv, ørn og gaupe. Likevel får dei ikkje gjere tiltak for å bøte på situasjonen.

– Seinast i vinter hadde rovviltnemnda innstilt på at det skulle takast ut fire gauper i regionen. Det stoppa departementet, fordi vi ligg under bestandsmålet. Men når tapa er så store, kva gjer vi då?

Rovviltnemnda i Nordland vil heller ikkje at det skal vere jerveområde der reinen kalvar. Difor har dei vedteke eit mindre jerveområde enn det fylkesmannen føreslo.

– Kva er verst? Situasjonen eller måten dykk blir møtt på?

Annonse

– Det bokstavleg talt brenn her, situasjonen er uuthaldeleg for reindrifta, men også for resten av beitenæringa. Dei lokale nemndene blir overstyrt, trass store tap til rovdyr. Den todelte målsettinga blir oversett, det blir gløymt at styresmaktene har forpliktingar for beitenæringa også, seier Lie.

Får konsekvensar for heile samfunna

Lie meiner det må ei konsekvensutgreiing i rovviltforvaltinga. Kva skjer med lokalsamfunn som blir påverke av rovdyrpolitikken, kva følgjer får det når forvaltinga av rovdyr blir endra.

– Sidan ein firedel av Norges riksgrense mot Sverige er Nordland fylke, er vi veldig avhengige av kva som skjer på svensk side.

De nordlandske ordførarane meiner at sidan førekomsten av store rovdyr i så stor grad påverkar lokalsamfunna, må det takast omsyn til følger for fleire sider av samfunnet i ei konsekvensutgreiing. Blant spørsmåla som må stillast er korleis rovviltet påverkar anna næringsverksemd og andre samfunnsinteresser. Det må også svarast på korleis det påverkar andre samfunnsinteresser som busetnad og livskvalitet, jaktinteresser, tap av husdyr og konfliktgrunnlaget mellom menneske og rovdyr.

Ordførarane viser til det store ordføraroppropet mot rovdyr, og i møte med statsministeren etter det var ho tydeleg på at det var uaktuelt å endre yngleområdet for bjørn utan konsekvensutgreiing. Statssekretær Atle Hamar var i eit seinare møte tydeleg på at sjølv om departementet tok planen inn til vurdering, var det ikkje sikkert at dei måtte gjere endringar.

– Men etter det siste møtet mellom rovviltnemnda i Nordland og departementet, er det skapt utryggleik om saka, skriv ordførarane.

– Det er fleire hundre år med beitebruk i området, og vi deler gjerne på kunnskapen for å finne gode løysingar som bidreg til ei berekraftig forvalting.

Neste artikkel

Bondelaget: – Samfunnet er ikke tjent med at vi skal diskutere ulvepolitikk i rettssalen