Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nordiske tilrådingar mot marin forsøpling

Åtte nordiske samarbeidspartnarar foreslår felles tiltak for å nedkjempe marin forsøpling i Norden.

Marin forsøpling i Noreg. Foto: Kari Hamre / NPK
Marin forsøpling i Noreg. Foto: Kari Hamre / NPK

Alle dei nordiske landa er ramma av marin forsøpling, og Nordisk ministerråd gir no ut ein rapport med elleve anbefalingar mot marin forsøpling i Norden.

Rapporten fokuserer på førebygging gjennom haldningsskapande arbeid og kunnskapsbaserte vedtak, og anbefalingane er basert på ein fellesnordisk dialog gjennom prosjektet Nordic Coastal Clean Up.

Annonse

– Behovet for tiltak mot forsøpling i dei nordiske landa er stort, og tiltaka må utviklast i dialog med kjeldene og setjast i verk på styresmaktnivå, seier Fanny Pindsle, prosjektleiar for Nordic Coastal Clean Up, i ei pressemelding.

Blant anbefalingane er nasjonale strategiar for å sikre FNs nullvisjon mot plast i havet, og ei felles nordisk satsing for å få på plass tilfredsstillande avfallshandtering i alle nordiske hamnar.

Nordic Coastal Clean Up består av CSR Greenland, Hold Danmark Rent, Hold Norge Rent, Håll Sverige Rent, Landvernd, Pidä Saaristo Siistinä ry, Ringras og Ålands Natur & Miljö.

(©NPK)

Neste artikkel

Kinesiske "wet markets" har åpnet igjen. Forsker sier det gir økt risiko for nye sykdommer