Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nordfjord-ordførar årets kommuneprofil

Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid kommune er kåra til Årets kommuneprofil av Kommunal Rapport.

Ordførar Arild Bjørlo blir frå nyttår ordførar i den nye Stad kommune, som femnar dei tidlegare kommunane Eid og Selje, og bygda Bryggja som i dag høyrer til Vågsøy kommune. Arkivfoto: Andrea Øien Sæverud / NPK
Ordførar Arild Bjørlo blir frå nyttår ordførar i den nye Stad kommune, som femnar dei tidlegare kommunane Eid og Selje, og bygda Bryggja som i dag høyrer til Vågsøy kommune. Arkivfoto: Andrea Øien Sæverud / NPK

– No blei eg litt sett ut. Eg er veldig takknemleg for å ha blitt nominert, og eg er veldig takknemleg for at så mange har stemt på meg. Dette er ei veldig stor ære, seier ordførar Alfred Bjørlo (V) til Kommunal Rapport.

«Han har markert seg nasjonalt som en kritisk og optimistisk talsperson for distriktene», heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Med 34 prosent av stemmene er det med stor overtyding han no kan kalle seg som Årets kommuneprofil.

Annonse

– Distriktspolitikk bør ikkje handle om at alt skal vere som det har vore. Eg er opptatt av både utvikling og reformer, men eg er frustrert over den manglande støtta frå staten til å vidareutvikle Distrikts-Noreg. Denne debatten har vi lykkast med å løfte, og det synest eg er bra, seier Bjørlo.

Han har stått fram som ei tydelege stemme frå distrikta, ein talsperson for Vestlandet, og han gjorde nyleg eit brakval i den nye kommunen Stad.

Ansvarleg redaktør og administrerande direktør i Kommunal Rapport, Britt Sofie Hestvik, meiner Bjørlo er ein verdig vinnar av tittelen Årets kommuneprofil.

– Bjørlo har sett kommunen sin og distrikta på kartet. Han har visst å vise at det vert skapt gode resultat utanfor Oslo og dei store kommunane, og han har evna å formidle kven som står bak dei gode resultata. Han er ein verdig vinnar, seier Hestvik.

Kommunal Rapport har stått bak kåringa av Årets kommuneprofil i 12 år.

Neste artikkel

Nationen-spaltist Knut Aastad Bråten blir statssekretær