Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Noah vil ha forbod mot laus hund i skadefellingsjakt på ulv

Begge ulvane som vart felt sist veke, vart felt etter bruk at laus hund. No vil dyrevernorganisasjonen NOAH har forbod mot bruk at laus hund på ulvejakt.

Ulvetispa som ble skoten i Rendalen sist veke, og hunden som vart brukt i jakta. Foto: Skadefelingslaga i Nord Østerdal
Ulvetispa som ble skoten i Rendalen sist veke, og hunden som vart brukt i jakta. Foto: Skadefelingslaga i Nord Østerdal

Det er nrk.no som skriv om saka.

– Det er ein risikofylt fellingsmetode som vi veit stressar rovdyre og fører til mykje liding, seier Siri Martinsen, leiar i Noah.

Det har lenge vore ulovleg å drive den forma for jakt med laus hund i Noreg, men frå 2017 har det vore opna for det der ulv har gått til åtak på beitedyr, eller der det er fare for at ulven skal gjere det.

Det var i etterkant av dei store sauetapa til ulv på Hadeland at dåverande landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) presenterte moglegheita til å bruke hund i rovdyrjakta.

– Sauebøndene var for bruk av hund, men eg kan forsikre at det er andre som er veldig sterkt imot det, sa Dale då.

Annonse

Vebjørn Knarrum, avdelingsdirektør hos Fylkesmannen Innlandet, seier til NRK at skadefelling med laus hund har blitt veldig vanleg.

– I kombinasjon med ferske spor og observasjon på viltkamera, gjer det skadefelling veldig effektiv, seier Knarrum.

Det er fylkesmannen som gir løyve til bruk av hund, og Knarrum seier det er strenge krav til jakta.

Under jakta i Rendalen gjekk det tre timar frå hunden vart sleppt til ulven var skoten. Jaktlaget opplyser at hunden aldri var i kontakt med ulv, men låg om lag tre minutt bak ulven.

NOAH har også tidlegare klaga på at det har blitt lov å bruke laus hund i jakt på ulv under skadefelling, og vil no arbeide for å få til ei lovendringa som forbyr slik jakt.

Neste artikkel

Elgjakta har en totalverdi på over 1 milliard kroner