Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

No er det opna for lisensfelling i Letjennareviret att

Det melder Fylkesmannen i Innlandet.

Dei to siste ulvane i Letjennareviret kan no jaktast på att, etter ein mellombels stopp i lisensfellinga (desse to ulvane er fotograferte på Langedrag i 2017).Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Dei to siste ulvane i Letjennareviret kan no jaktast på att, etter ein mellombels stopp i lisensfellinga (desse to ulvane er fotograferte på Langedrag i 2017).Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Frå og med onsdag 15. januar er lisensfellinga av dei to attståande dyra i kvoten opna att, etter å ha blitt stoppa laurdag 11. januar.

Stadfestinga kjem i ei tekstmelding frå Fylkesmannen i Innlandet.

Jakta blei stoppa på grunn av ein ulv som ikkje skulle vera i reviret.

– Jakta er stoppa av Fylkesmannen på grunn av at den genetiske viktige ulven er i nærleiken av jaktområdet, skreiv jaktleiar Arne Sveen i ei tekstmelding til Nationen laurdag morgon.

Annonse

I november blei den aktuelle ulven flytta til Kongsvinger. Sidan den gong har den vandra rundt i området utan å slå seg til ro. I helga var den på veg inn i Letjennareviret.

No er området trygt for felling att.

– Den genetisk viktige ulven har kome seg ut att, ja. Det skjedde natt til i går, seier Ståle Sørensen, seniorrådgivar innan naturmangfald og verneområde hjå Fylkesmannen i Innlandet.

– Me har hatt jamn dialog med fellingsleiar om dette. Dei er i gang med å spore dei to siste ulvane no. Eg har ikkje høyrt at dei har sett inn fellingsforsøk enno, men det er det dei jobbar mot, seier Sørensen.

Jaktleiar Arne Sveen stadfestar i ei tekstmelding at dei er i full gang med å spore ulvane.

– Det blir ikkje jakt før me finn spor, seier Sveen.

Neste artikkel

Ap avviser at deres ulveforslag bryter internasjonale avtaler