Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ni av ti vil ta opp at grensehandelen etter korona

Grensehandelen gjekk ned med 57 prosent dei tre første månadane i år, samanlikna med same periode i fjor.

 Grensehandelen har gått ned etter restriksjonane vart innført. Foto: Lars Johan Wiker
Grensehandelen har gått ned etter restriksjonane vart innført. Foto: Lars Johan Wiker

– At stengde grenser fører til eit så stort fall i grensehandelen viser med all tydelegheit kor stort dette problemet faktisk er, seier Petter Haas Brubakk i NHO Mat og drikke til Dagligvarehandelen.

Han viser til at både Vinmonopolet og daglegvaresektoren har hatt salsvekst sidan midten av mars.

Ei undersøking Ipsos har gjort på vegne av NHO Mat og drikke viser at 88 prosent av dei spurde vil ta opp att grensehandelen når grensene opnar igjen. Det er nesten ni av ti.

Annonse

Harald Jachwitz Andersen er direktør i Virke, og seier omsetninga har blitt flytta tilbake til Norge.

– Vi ser ein auke i omsetning, særleg i butikkane som ligg tett på svenskegrensa. Tal frå analyseselskapet Nielsen viser at omsetninga av sjokolade, brus, mineralvatn, snus og sigarettar har auka etter restriksjonane vart innført, seier han.

Neste artikkel

Fotballen fortjener fair play, Raja