Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nesten tusen unge på 4H-leir på Jæren

Leirkomiteen inviterer til ei veke full av aktivitetar, venner og gode opplevingar, under mottoet ”Vidle, fine og blaude”.

Leirsjef Asle Østbø inviterer til landsleir i 4H. Foto: 4H Rogaland
Leirsjef Asle Østbø inviterer til landsleir i 4H. Foto: 4H Rogaland

I tida 21.–27. juli er det landsleir for 4H-arar i Øksnevad i Klepp kommune i Rogaland. Temaet i år er nærmiljø og identitet og vertsfylket vonar dei nesten tusen tilreisande ungdommane får bli kjende med kva mat- og landbruksfylket Rogaland har å by på.

Annonse

Leirkomiteen inviterer til ei veke full av aktivitetar, venner og gode opplevingar, under mottoet ”Vidle, fine og blaude”. Målet er at leirdeltakarane skal få ”vidle” naturopplevingar, oppleve den ”fine” naturen i Rogaland, men også få ”blaude” opplevingar i form av aktivitetar som involverer vatn. Det blir surfing på strendene og 4H-arane kan skli ned ei 40 meter lang vass-sklie. Leirdeltakarane kan også bli med på tur til Preikestolen, delta på byvandring, høyre på konsertar og vere med på ein avslutningsseremoni med lasershow.

– Vi klare for den beste leiren gjennom tidene. Vi garanterer at leiren blir «vidle, fine og blaude», og vi skal gi deltakarane dei beste leirminna, seier ein fornøgd leirsjef Asle Østbø, som sjølv har lang erfaring frå 4H.

Neste artikkel

Får ikke GPS-merke hubroer i vindkraftområder