Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nesten alle kommunar har jordmortilbod

I 99 prosent av kommunane hadde gravide og heilt nybakte mødrer tilbod om jordmortenester. 83 prosent av kommunane hadde tilsett eiga jordmor, medan resten kjøpte tenesta frå andre.

I 2018 hadde 418 av dei 422 kommunane i Noreg tilgang til jordmortenester enten i eller utanfor kommunen. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK
I 2018 hadde 418 av dei 422 kommunane i Noreg tilgang til jordmortenester enten i eller utanfor kommunen. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Det går fram av tal frå Statistisk sentralbyrå.

I 2018 hadde 418 av dei 422 kommunane i Noreg tilgang til jordmortenester enten i eller utanfor kommunen. Mange kommunar kjøper tenesta av andre, særleg av større nabokommunar og spesialisthelsetenesta.

Annonse

Kommunar med få innbyggjarar kjøper oftare jordmortenester og inngår gjerne i eit interkommunalt samarbeid om tenesta. Ei jordmor kan då vera tilsett i ein kommune, men arbeider òg med kvinner i nabokommunane under svangerskap og barseltid.

I fjor hadde 83 prosent av kommunane tilsett eiga jordmor, kjem det fram i statistikken over kommunehelsetenesta. Medan nær alle kommunar med over 10.000 innbyggjarar hadde eiga jordmor, gjaldt det 77 prosent av kommunar med under 10.000 innbyggjarar. Det er særleg i dei minste kommunane med under 2.000 innbyggjarar at delen som har tilsett eiga jordmor, er liten: 54 prosent.

Samstundes er delen som kjøper jordmortenesta størst i dei minste kommunane. Ser ein vekk frå om jordmora er tilsett eller om tenesta blir kjøpt, er delen kommunar som har tilbod om jordmortenester, nokså lik uavhengig av kommunestorleik.

Neste artikkel

Høye smittetall for alvorlige flåttsykdommer i år