Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nei til EU får saksøke staten i Acer-saka

Organisasjonen har fått nei frå tingretten og lagmannsretten, men fekk ja frå Høgsterett.

Roy Pedersen, leiar for Nei til EU. Foto: Audun Braastad / NTB
Roy Pedersen, leiar for Nei til EU. Foto: Audun Braastad / NTB

Nei til EU har meiner Stortinget braut grunnlova då dei gjekk inn for å bli ein del av Acer i 2018. Organisasjonen har fått nei i både tingretten og lagmannsretten, som meiner Nei til EU ikkje er ein part i saka. Dersom dei ikkje er ein part i saka, får dei heller ikkje saksøke staten.

Nei til EU vann fram med 12 mot 5 stemmer, og staten ved Utenriksdepartementet må betale sakskostnader på over 1,9 millionar kroner.

– Det er ei stor overrasking av Høgsterett fatta dei vedtaka dei gjorde, og ein stor siger for Nei til EU. Det er ein viktig juridisk siger, seier leiar i Nei til EU, Roy Pedersen.

– Dette opnar for ein brei diskusjon om det var lovleg å gi frå seg suvereniteten som Høgre, Ap og Frp gjorde, ved å slutte Norge til den tredje energimarknadspakken til EU, seier Emilie Enger Mehl i Sp. Ho sit òg i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget.

– Det er veldig positivt at dette får ei skikkeleg behandling, seier ho, og meiner denne saka vil sette demokrati og EU på dagsorden.

Saka skal no vidare til behandling i Oslo tingrett.

– Interessant

Pedersen meiner det juridiske ved saka er det mest interessante. Noko av det som vart nemnd i Høgsterett, var at Acer kan fatte vedtak som har betydning for Statnett.

– Det var ei interessant merknad. Acer kan bestemme, og det er EFTA-domstolen som kan bøtelegge og sanksjonere ved brot på retningslinjer, ikkje norske domstolar. Så dette er først og fremst ein juridisk siger, seier han.

Frankie Solberg Rød er leiar i Ungdom mot EU, og meiner òg at dette er ei viktig sak for demokratiet.

– Det er ei utruleg viktig sak, og det at Nei til EU ikkje berre gjer det at vi får moglegheit til å fremme denne saka, men det opnar for at andre organisasjonar kan gjere det same. Det meiner eg er ei viktig demokratisk rettigheit, seier hen til Nationen.

Annonse

– Eg håper at Nei til EU vinn gjennom, det handlar om arvesølvet vårt. Det skal vere norske interesser og politikarar som styrer krafta vår, ikkje Brussel, seier Solberg Rød.

– Ei oppmuntring

– Retten skal ta stilling til det, men eg meiner generelt det er eit problem at regjeringa sender myndigheit til EU og undergrev demokratiet i Norge utan at ein får ein skikkeleg debatt om det i offentlegheita, seier Enger Mehl.

Pedersen tolkar dette som ei oppmuntring og ein boost til vidare arbeid med saka.

– Det politiske vil vi få avgjort med vidare prosessar, seier han.

– Det i hovudsak er knytt til eit avgrensa rettsspørsmål. Det ligg føre eit særleg behov for å prøve det generelle rettsspørsmålet, meiner dommar Knut H. Kallerud.

Dette er Acer

Er eit EU-byrå for samarbeid mellom energistyresmaktene i EU-landa.

Stortinget vedtok norsk tilslutning i mars 2018.

Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne stemte for, medan Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, og Rødt stemte mot.

I Norge er det Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som har reguleringsmyndigheita, og vil delta via EØS-avtalen.

Acers oppgåve er å utfylle og koordinere arbeidet til dei nasjonale reguleringsmyndigheitene.

Norge har berre moglegheit for observatørstatus i styret i Acer, og har dermed ikkje stemmerett.

Kjelde: SNL.no

Nei til EU meiner at vedtaket inneber ei så stor overføring av myndigheit til EU, at Stortinget må ha tre firedelar fleirtal etter Grunnlova. Høgsterett har no vedteke at Nei til EU kan gå vidare med saka.

– Det Høgsterett no har avgjort er at vedtaket til Stortinget sitt vedtak om tredje energimarknadspakke skal bli behandla i rettsapparatet. Eg tek til etterretning at fleirtalet i Høgsterett har slått fast at denne typen stortingsvedtak må kunne bli prøvd av domstolane. Saka vil no gå tilbake til Oslo tingrett. Staten vi halde fast på stortingsvedtaket om tilslutning til tredje energimarknadspakke frå mars 2018 var fullt ut i tråd med krava i Grunnlova, seier olje- og energiminister Tina Bru.

Energipakken har fått kritikk for å svekke norsk suverenitet, og fleire kraftkablar frå Norge kan gi høgare straumprisar og nedbemanning i industrien.

Noko av bekymringa har òg vore at EU vil kunne tvinge Norge til å bygge kablar til utlandet. Dette skal ha blitt tilbakevist av fleire, inkludert NHO og sjefen for Acer.

Neste artikkel

Cruisekonge mener Norge er best tjent utenfor EU: – EØS er bare tull