Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Svenskane vel vekk økologisk, danskane vel vekk egg frå burhøns

I Sverige kjøper svenskane mindre økologisk merka egg. I Danmark vert danske buregg valt vekk av supermarknader og erstatta av egg frå andre land.

Brune egg frå frittgåande høns. Illustrasjonsbilete. Foto: Mariann Tvete
Brune egg frå frittgåande høns. Illustrasjonsbilete. Foto: Mariann Tvete

Salet av egg merka med KRAV, Sverige si mest kjende miljømerking for økologisk matproduksjon, har i Sverige sokke med 4 prosent dei siste to åra, og det til trass for at salet av egg i daglegvarebutikkane samtidig har auka med seks prosent.

Dette kjem fram i statistikk frå Nielsen som KRAV har bidratt til, skriv Landbrukets Affärstidning, ATL.

– At færre svenskar vel KRAV-merka egg vil få konsekvensar for både høner, miljø og dei svenske bøndene som investerer i anlegg med høg dyrevelferd, seier Anita Falkenek i KRAV til ATL.

Trur det ikkje har samanheng dyrevelferdsengasjement

50 millionar egg vart selt i Sverige i påsken 2018, men berre 8,5 millionar var merka med KRAV. Av den totale mengda selde egg har egg merka med KRAV minka frå 19 til 17 prosent.

KRAV er ein svensk stiftelse som jobbar for fremje økologiske produkt, dyrevelferd og berekraftig fiske.

Falkenek meiner at nedgangen i salet av KRAV-merka egg ikkje har samanheng med det aukande engasjementet rundt dyrevelferd og engasjement rundt aukande miljøproblem, skriv ATL.

Annonse

Egg som er KRAV-merka kjem frå høner som går ute på sommaren. Inne skal det vere maks seks høns per kvadratmeter, og ute skal det vere fire kvadratmeter per høne. Hønene får fór som er framstilt utan kunstgjødsel, og utan naturfremmande eller kjemiske middel. Produsentane vert kontrollerte årleg.

– Me veit at svenske forbrukarar vil at matprodusentar skal ta omsyn til både dyrevelferd og miljø. Eg håper at dette engasjementet også vil bli vist kvar dag i butikken, seier Falkenek til ATL.

Danskar vel ikkje-danske egg

I Danmark har supermarknader byrja å fase ut buregg frå butikkane, og av den grunn har enkelte kjeder byrja å selje utanlandske egg i staden for danske.

Det gjer eggprodusentane frustrerte, melder JydskeVestkysten. Mange har måtta legge om produksjonen, og no har utanlandske egg som har inntatt butikkhyllene gitt endå hardare konkurranse.

Daglegvarekonsernet Dagrofa står bak Meny, Spar, Let-Køb og Min Købmand, og dei opplyser til JydskeVestkysten at ein fjerdedel av deira 12 eggprodukt er finske, medan Salling Group og Coop rapporterer at dei ikkje har utanlandske egg i butikkane sine.

– Grunna at av egg frå burhøns vert fasa ut har me tatt inn finske egg fordi dei er konkurransedyktige, og kundane krev billege egg. Finland har i mange år hatt særstatus i EU når det gjeld salmonella – ein status som Danmark no også har, skriv kommunikasjonssjef Jacob Lassen i Dagrofa i ein e-post til JydskeVestkysten.

Han seier at ein også har hatt ein større andel utanlandske egg i dei siste åra.

Neste artikkel

Skogsmaskin startet storbrann – entreprenør får millionbøter