Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Naturvernforbundet vil ha slutt på pøbelplantar hos hagesenter

No går Naturvernforbundet ut og ber hagesenter og planteskular om å slutte å selje plantar som kan vere ein trussel mot det biologiske mangfaldet.

Fagerfredlaus er ein plante som er ein risiko for norsk natur. Foto: Anette Karlsen / NTB scanpix / NPK
Fagerfredlaus er ein plante som er ein risiko for norsk natur. Foto: Anette Karlsen / NTB scanpix / NPK

Det dreiar seg om framande artar som invaderer nye område og har ein negativ økologisk effekt.

– Vi oppfordrar alle hagesenter og planteskular til å gå gjennom sortimentet sitt og fjerne alle skadelege framande plantar, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet, i ei pressemelding.

Organisasjonen meiner det manglar kunnskap om korleis artane blir spreidde med menneskeleg hjelp, både bevisst og ubevisst. Ei rekke artar i Norge er trua som følgje av spreiing av framande artar.

Annonse

Dei siste åra har Naturvernforbundet undersøkt om invaderande framande plantar framleis er i handelen. Granskinga i fjor viste at 20 av dei aller verste skadegjerarane blei selde i Noreg. Dette er artar som Artsdatabanken har vurdert og plassert i kategorien «svært høg risiko» på Framandartslista.

– Vi oppfordrar alle hagesenter på det sterkaste til ikkje å ta inn plantar med svært høg eller høg risiko for sal i 2020. Viss det allereie er bestilt, eller av andre grunnar er teke inn for sal, oppfordrar vi forhandlarane til å gi grundig informasjon til alle kundane som kjøper desse plantane, seier Ask Lundberg.

Naturvernforbundet fann desse plantane med svært høg risiko til sals i 2019: alaskakornell, alpeasal/breibladasal, blankmispel, blåhegg, blåleddved, fagerfredlaus, gravmyrt, hybridbarlind, haustberberis, klasespirea, krypfredlaus, krypmispel, korgpil, platanlønn, praktmarikåpe, rognspirea, sitkagran, skogskjegg, sprikemispel og valurt.

(©NPK)

Neste artikkel

Skogene i Sibir brenner: – Forsterker konsekvensene av allerede dramatiske klimaendringer