Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Naturoppsynet meiner ulv har drepe hjort i Sunnfjord

Statens naturoppsyn (SNO) meiner ein hjortekalv i Fjaler er drepen av ulv.

Statens naturoppsyn (SNO) meiner ein hjortekalv i Fjaler er drepen av ulv. Arkivfoto Per Løchen / NTB Scanpix / NPK
Statens naturoppsyn (SNO) meiner ein hjortekalv i Fjaler er drepen av ulv. Arkivfoto Per Løchen / NTB Scanpix / NPK

Tidlegare i haust blei det gitt fellingsløyve for ulv i Høyanger, Hyllestad og Fjaler etter funn av fleire sauekadaver.

I helga vart altså ein drepen hjortekalv òg funnen i Fjaler i Sogn og Fjordane.

– Vi finn restar etter bit i nakken og i korsryggen, som er ein veldig typisk måte for ulven å avlive på, fortel Rein-Arne Golf, rovviltansvarleg i SNO, til NRK.

Annonse

– Oppførselen til dyret tyder på ulv, så vi er rimeleg sikre på at det er ulven som har vore der, seier Golf.

Han oppmodar folk som gjer observasjonar av ulven om å melde frå.

(©NPK)

Neste artikkel

Svinenæringa har hatt nytt møte med landbruksministeren