Annonse
Finnmarksvidda 1979: Demonstrasjon mot utbyggingen av Alta-Kautokeino-vassdraget. Flere hundre mennesker har slått leir ved nullpunktet i Stilla for å hindre anleggsarbeidet  og kraftutbyggingen. Parolen "La elva leve" er malt på steiner. Foto Erik Thorberg / NTB/ NPK

Når lovbrot er politisk nødbrems

Ein vindkraftmotstandar set bilen i vegen for å hindre anleggsmaskiner, og andre okkuperer ferja for å hindre frakt av sprengstoff. Naturvernarar kjempar mot gruvedeponi, og andre krev meir merksemd om klimaet. – Sivil ulydnad er ein nødbrems i demokratiet, seier professor.

– Sivil ulydnad skjer når elles lovlydige borgarar vel å bryte lova som nødbrems mot noko dei opplever som ein ekstremsituasjon. Da må styresmaktene og andre borgarar stoppe opp og tenke etter om dette er det rette, seier filosof og professor Andreas Føllesdal til Nynorsk pressekontor.

I dag blir sivil ulydnad tatt i bruk av vindkraftmotstandarar som fortvilar over at utbygginga er i ferd med å øydeleggje store naturområde. Men også av Extinction Rebellion-aktivistar som ønsker merksemd rundt global oppvarming. Natur og Ungdom og Bellona tek òg aktivt i bruk sivil ulydnad for å vareta naturen.

Med sivil ulydnad gjer ein ikkje-valdelege lovbrot i full openheit fordi ein føler seg meir forplikta av andre verdiar og normer enn dei som ligg til grunn for den aktuelle lova. Men korleis oppstod det ?

– Som filosof går eg tilbake til Sokrates, som var opptatt av om det nokon gong var riktig å handle ulovleg. Han meinte nei. Medan andre har hatt meir nyanserte syn på dette. Det har vore store diskusjonar om at det av og til er forsvarleg å nekte å følge lovene i landet ut frå samvitet sitt. Og som eit ekstraordinært forsøk på å korrigere feil, seier Føllesdal.

– Vi kan vere tilhengarar av demokratiet, pessimistar eller optimistar, men det er ikkje automatisk slik at demokratiet fungerer optimalt, seier Andreas Føllesdal. Han er filosof og professor ved Universitetet i Oslo, og arbeider med spørsmål knytt til etikk og moralfilosofi, både relatert til styresmakter og næringsliv. Foto: Privat

Mot diskriminering

Internasjonalt har sivil ulydnad vore brukt som reiskap mot diskriminering og for menneskerettar. Mahatma Gandhi kjempa mot det britiske styret i India med ikkjevald som metode, og sat fleire periodar i fengsel for sakene han kjempa for. Sivil ulydnad var òg viktig i borgarrettskampanjar i USA på 50- og 60-talet og i kampen mot apartheid i Sør-Afrika.

– Gandhi har reflektert rundt når sivil ulydnad er moralsk forsvarleg. Ein finn òg noko liknande i konfutsiansk tenking, om når det kan vere riktig å bryte med det keisaren bestemmer. Temaet har vore her i fleire tusen år, seier Føllesdal.

Mardøla 1970: Etter at styresmaktene hadde vedteke å bygge ut austre Mardalsfossen, med eitt av dei høgaste fossefalla i verda, samla aksjonistar frå samarbeidsgruppa frå «Natur og Miljøvern» seg til demonstrasjonar på fjellet midt imellom Rauma og Nesset kommunar. Lokale bønder og andre slutta seg òg til aksjonen. Foto: Erik Thorberg / NTB / NPK

Mardøla

Den første sivil ulydnad-aksjonen for å vareta naturen i Noreg, var i 1970. Fleire hundre personar deltok i aksjonen mot kraftutbygging og røyrlegging av Mardalsfossen i Eikesdal, der det vart organisert ein leir ved traseen til anleggsvegen. Blant aksjonistane var filosofane Arne Næss og Sigmund Kvaløy Sætreng, og politikar Odd Einar Dørum, som den gong var 26 år gammal.

– Aksjonen vart utløyst av at vatn for tredje gong skulle bli tatt frå Eikesdal og Eresfjord, trass i politiske løfte om at det var viktig for næring og natur, fortel Odd Einar Dørum (V), tidlegare stortingspolitikar og statsråd, til NPK.

Saka skapte ein allianse mellom bygdefolk og filosofar og fjellklatrarmiljøet. Næss og Sætreng var inspirerte av tenkinga til Mahatma Gandhi.

– Gandhis teori og praksis gjekk ut på at du sette deg mot eit vedtak du meinte var feil, på ikkje-valdeleg vis, seier Dørum.

Han meiner ein kan sjå parallellar til aksjonistar som kjempar for naturen også i dag, så lenge aksjonane ikkje inneber vald eller hærverk.

– Aksjonsforma skal hjelpe å få fram saka men ikkje skygge for den. Kunsten er å ikkje øydeleggje det at det er ikkje-valdeleg sivil ulydnad. Det har folk stort sett klart fram til i dag. Det fortel at det er svært mogleg sjølv om tida går, seier han.

Odd Einar Dørum engasjerer seg framleis i det han synest er viktig. I mai samla tidlegare ministrar, ordførarar, biskopar, ungdommar og andre folk seg til ei markering framfor Stortinget, med krav om å hjelpe barna i Moria. Denne aksjonen brukte rett nok ikkje sivil ulydnad. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Gav ringverknader

Mardøla vart bygd ut, og etter det følgde ei rekke utbyggingssaker som fekk motstand.

– Vi som aksjonerte, tapte saka om Mardøla. Så tapte aksjonistar saka om Orkla/Grana i dåverande Sør-Trøndelag, og vidare Alta-Kautokeinovassdraget, som jo var det store tapet, seier Dørum.

Konflikten rundt utbygging av Alta-Kautokeinovassdraget vara i fleire år, og er kjend som den største miljøaksjonen i Noreg nokosinne. Det vart ei veldig mobilisering blant samar og naturvernarar, som etter kvart òg tydde til sivil ulydnad på anleggsområdet i Finnmark, og utanfor stortinget, der det også var sveltestreik i -79 og -81. Sommaren og hausten 1979 slo fleire tusen aksjonistar leir og stansa utbygginga for ei stund.

Finnmarksvidda: I 1979 slo fleire hundre menneske leir ved nullpunktet i Stilla, for å hindre anleggsarbeidet og kraftutbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget i Finnmark. Foto Erik Thorberg / NTB / NPK

Saka vart prøvd i retten og gjekk til Høgsterett, og både FN-systemet og internasjonale urfolksorganisasjonar var involverte i saka. I januar 1981 vart rundt tusen motstandarar som var samla i Stilla, mange fastbunde med kjetting og lenker, ført bort av 600 politifolk, følgt av massive bøter.

Ein fekk ikkje stoppa utbygginga, men konflikten skapte meir medvit rundt rettane til samane, og rundt utbygging av vassdrag.

– Alle konfliktane om vassdragsnatur i desse åra, førte på sikt til at styresmaktene utvikla ein samla plan for vassdrag, som tok for seg alle vassdraga i Noreg, og kva vassdrag som skulle vernast. Det går an å seie at ikkje-valdeleg sivil ulydnad har vore viktig for vern av vassdragsnaturen i Noreg, konkluderer Dørum.

Demokrati med svake punkt

– Sjølv om demokratiet på mange måtar er ei god styringsform, er ikkje demokratiet feilfritt, seier Andreas Føllesdal.

– Av og til blir demokratiske vedtak feil. Nokre gongar på grunn av korrupte politikarar, av og til på grunn av inkompetanse, og av og til er det uflaks.

Gruppa «Nei til vindkraftverk på Haramsøya» prøver å stanse utbygginga med søksmål. Men privatpersonar tyr også til sivil ulydnad. Her fjernar politiet bilen til grunneigar Hans Petter Thue, som i fleire veker blokkerte vegen opp til Haramsfjellet på si eiga tomt, for å hindre transport av utstyr til anlegget. Thue sit her i bilen. Foto: Hilde Beate Ellingsæter / Norde / NTB / NPK

Han meiner vi må innsjå at demokrati og fleirtalsavgjerder verken er godt eigna til å beskytte minoritetar eller å beskytte naturen.

– Dei som tek avgjerder i dag, er ikkje særleg godt eigna til å fange opp interessene til dei som er permanent i mindretal. Heller ikkje til å fange opp behova som dei framtidige generasjonane vil ha. Dei kjem til å ha stemmerett seinare, men har det ikkje no.

– Det er ikkje gitt at alle sivil ulydnad-aksjonar er forsvarlege og verd respekt. Men i nokre situasjonar må ein ha ein sånn sikkerheitsventil.

– Ein kan meine dei tar feil – men dette er ei form for aksjon som fortener at ein tar dei på alvor, seier Føllesdal.

Neste artikkel

Thue tapte saken mot vindkraftutbygger