Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Når hytta blir heilårsheim

Fram til i fjor budde Tine Eide og Hans Kristen Hyrve i ei byleilegheit. Då dei fekk barn, ville dei flytte ut av byen. Dei selde for å bu på hytta heile året.

HYTTEFOLK: Tine Eide (28) og Hans Kristen Hyrve (34) selde nyleg leilegheita si i Oslo by og kjøpte seg hytte på Nesodden – ei hytte dei bruker som heilårsbustad. FOTO: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Vi las at eitt av fem barn i Oslo får astma før dei fyller ti år, fortel Tine (28) – og derfrå byrja jakta etter eit meir landleg stad å bu.

Tine er sjølv frå Asker og Lier, men ville ikkje tilbake til heimtraktene. Ho og Hans Kristen (34) såg seg ut Nesodden som ein fin stad å flytte til – nært til både by og natur, og med barnehageplass til dottera Eira (1,5). Då den vesle hytta dukka opp på Finn.no, slo dei til, klare for ein ny type kvardagsliv.

– No er vi på hyttetur heile tida, smiler Hans Kristen.

Byutsikt frå kjøkkenet

Etter å ha overtatt hytta i august i fjor, venta tre månader med oppussing før ho var innflyttingsklar. Paret har etterisolert huset og skifta ut alle vindauga. På førehand undersøkte dei nøye at det var lov å bu på hytta. Reglane varierer frå kommune til kommune.

I alt er det registrert rundt 434.800 hytter og fritidshus i Noreg. Etter Hurum og Fredrikstad er Nesodden kommunen med flest fritidsbustader per kvadratkilometer. Det er ikkje uvanleg at nesoddinger bur i hytter: Rundt hytta til Tine og Hans Kristen ligg det minst tre andre hytter som folk bruker som heilårsbustader.

Frå kjøkkenbordet gir dei store vindauga full oversikt over seglbåtane på Oslofjorden – og ein ser heilt inn til sentrum, der Oslo Plaza ragar opp bak Operaen.

Tine bruker rundt 50 minutt med elsykkel og båt til lektorjobben ved Oslomet – storbyuniversitetet. Hans Kristen er heime med dottera, som byrjar i barnehagen til hausten. Frilanstilværet som lydkunstnar lèt seg godt kombinere med hyttelivet. I stova står miksepulten hans, som etter kvart skal byggjast inn i eit slag lydstudio i annekset.

– Det er eitt feitt kvar eg jobbar. Eg er nesten aldri i Oslo meir, seier han.

Hans Kristen kjem frå Skjåk i Gudbrandsdalen, men er veldig glad i hovudstaden etter å ha hatt vaksenlivet der.

– Eg er eigentleg ein urban type. Det hjelper å sjå Oslo frå kjøkkenvindauget.

SKOGSTOVE: Hytta til Tine og Hans Kristen blei bygd i 1957 og er 100 kvadratmeter stor. Ho blei brukt som heilårsbustad av dei tidlegare eigarane også. I hagen kan dottera Eira (1,5) boltre seg fritt. FOTO: Fredrik Hagen / NTB scanpix /

Tilbake til 70-talet

Den vesle familien har ikkje TV, og ser film med projektor i staden – men dei streamer ikkje noko på grunn av treig internettfart.

– Vi har byrja med «hyttete» ting. Vi legg mykje puslespel, ler Tine. Kryssord løyste dei allereie mykje frå før av.

– Og så har vi skaffa oss LP-spelar! Det er litt som å dra tilbake til 70-talet.

Ting må stadig fiksast. Enten det er hagen som treng stell eller ein vegg som må skiftast ut, tar paret vaktmeisterutfordringa på strak arm.

– Å bu på hytta er fint for folk som ikkje treng at ting er så lettvinte, seier Tine.

– Vi har eit meir aktivt forhold til hytta vi bur no, enn vi har hatt til stadene vi har budd før, seier Hans Kristen.

Fakta

Dette må du gjere for å bu fast på hytta

Kontakt kommunen! Reguleringsplanane varierer frå kommune til kommune.

Søk om bruksendring i kommunen.

Få greie på kva du må gjere med hytta for å få den godkjent som bustad.

Hytta må tilfredsstille dei tekniske krava til heilårsbustad.

Innlagt vatn, straum og avløp må ofte vere på plass.

Nokre kommunar krev at det går open veg til hytta heile året.

Enkelte kommunar krev at hytta ligg nær andre bustader, pluss skule og barnehage.

Du må folkeregistrere den adressa der du har flest liggjedøgn årleg.

Nærare naturen

Etter ein ganske kald hyttevinter, har sommaren komme til Nesodden. Heilårstilværet på hytta gjer at paret kjenne seg nærare naturen.

Annonse

– Det kjennest fint, for vi veit jo korleis det står til med kloden, seier Tine. Ute har dei sett opp drivhus med planar om å dyrke grønsaker sjølv, og dei høgg ved på eiga tomt.

Rev og rådyr er ofte på besøk på tomta. Frå nabohagen lyder hanegal, der bur det 13 kyllingar. Tre minutts rusletur ned vegen, så er ein på stranda. Familien fortel at dei har feriekjensle heile tida.

– Det slo meg då eg stod nede ved postkassene: Det er så stille her. Du høyrer berre skog og fuglar, seier Hans Kristen.

Stadig yngre får hytte

Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) slår stadig fleire seg ned i sentrale strøk – men stadig fleire flyttar ut enn inn til Oslo. I fjor forlét 32.764 menneske hovudstaden. Det er 1.360 fleire enn som flytta inn. Dei fleste utflyttarane er barnefamiliar.

– Mange får ein motreaksjon mot den vanlege urbaniseringa når dei får barn, seier forskar og filosof Tor Arnesen ved Østlandsforskning. Han har mellom anna forska på fritidsbustader og har jobba mykje med utviklinga i hyttekulturen frå 90-talet og utover.

Før var rollefiguren «hytteeigar» gjerne ein kar i 50-60-åra. No kjem stadig yngre grupper inn på fritidsbustadmarknaden, fortel Arnesen.

– Når treng du eigentleg ein fritidsbustad mest? Det er jo når du bur i storbyen og har behov for å komme deg ut i naturen, sleppe ungane laus og la dei klatre i trea, seier Arnesen.

Det enkle livet

Ifølgje Arnesen er det fleire enn før som har lyst til å bu permanent på hytta. For nokre kjem det av draumen om «det enkle liv»:

– Sjølv om fleire oppgraderer hyttene sine og skaffar seg fritidsbustader med høg teknisk standard, er det alltid nokon som vil inn i den enkle, gammaldagse hytta, seier han.

– Generelt ser vi at hytteeigarar pendlar meir mellom heimen og fritidsbustaden, og hytta blir ein slag heim nummer to. Det blir ein parallell livsførsel der ein vekslar mellom kvardagslivet heime og rekreasjonslivet på hytta. Viss ein til dømes kan ta med seg jobben på hytta, kan ein kombinere dei to tilhaldsstadene på arbeidsdagar også.

Det er òg ein del som gjer det omvend, fortel Arnesen:

– Dei har ei lita leilegheit i byen som hytte, medan dei bur i ein småby eller på landet.

SJØLVFORSYNT: Hans Kristen og Tine har sett opp drivhus på hyttetomta. Her vil dei dyrke eigne grønsaker. FOTO: Fredrik Hagen / NTB scanpix /

Billegare bustad

Tine og Hans Kristen lever billegare på hytta enn dei gjorde i byen.

– Men straumrekninga er ganske høg, medgir dei.

Hytta har hyttedo med forbrenningsomn, som bruker mykje straum. Paret betaler òg ein årleg sum for å vere med i velforeininga, som tar seg av brøyting av privat veg. I tillegg kjem kommunale avgifter og huslån.

– Ting tar lengre tid her ute, seier Hans Kristen. – Det er eit stykke til butikken, så det blir ei utflukt å handle. Og iblant saknar eg internett med normal fart.

– Eg er sjeldnare på arrangement enn før, fortel Tine. – Nokre gonger, når eg har komme heim frå jobb i byen, skal det litt til for å orke å reise inn igjen.

Likevel er Tine og Hans Kristen glad for at dei bestemte seg for å flytte til hytta.

– Vi elskar å bu her! samstemmer dei. – Akkurat no ser vi for oss å vere på hyttetur for alltid.

Neste artikkel

Arrangørene av Femundløpet frykter vindkraftplaner