Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Møkjåland og Mykjåland skal styre Iveland

Etter forhandlingar i Iveland kommune i Aust-Agder er det klart at Gro-Anita Mykjåland (Sp) held fram som ordførar. Denne perioden får ho med seg nesten-namnebror Terje Møkjåland (KrF) som varaordførar.

Varaordførar Terje Møkjåland (KrF) og ordførar Gro-Anita Mykjåland (Sp) gler seg til å styre Iveland kommune saman. Foto: Privat

Ordførar Gro-Anita Mykjåland (Sp) og varaordførar Terje Møkjåland (KrF) smiler fornøgd etter å ha blitt einige om å styre Iveland saman dei neste fire åra.

Annonse

Då kandidatkåringa var klar tysdag kveld gjekk dei to partia i forhandlingar. Nokre timar seinare var det klart at det blei samarbeid.

– Det har vore konstruktive og gode samtalar, og seint tysdag kveld inngjekk me ein avtale, skriv Mykjåland (må ikkje forvekslast med Møkjåland) i ein e-post til Nationen onsdag.

Senterpartiet blei kommunens største parti, med 35,7 prosent av røystene. KrF fekk 21,5 prosent oppslutning, og tok såleis bronseplasseringa like bak Høgre som fekk 21,7 prosent.

Neste artikkel

MDG får sin første ordfører