Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mjølka i butikken har vorte meir haldbar

Frå 2016 til i dag har mjølka i butikken vorte haldbare i fire dagar ekstra. Samstundes har svinnet sunke med 70 prosent.

Mjølka frå Tine har fått lenger haldbarheit dei siste åra. Foto: Mariann Tvete
Mjølka frå Tine har fått lenger haldbarheit dei siste åra. Foto: Mariann Tvete

Det er ressurskrevjande å produsere mjølk, skriv nettstaden matvett.no. Difor er det ikkje berekraftig når mjølka vert kasta på grunn av datoen.

Men prosjektet "Ferskere melk" har gjort at Tine har lukkast med å gjere noko med dette problemet, og allereie ser dei av svinnet har minka, melder nettstaden.

Redusert svinn

Ei kartleggjing Tine har gjort viser at det interne svinnet på mjølk har vorte redusert med 70 prosent sidan 2016. Dette tilsvarer 160.000 liter mjølk. Tidlegare forskningsprosjekt viser at auka haldbarheit på ferske produkt har stor effekt på svinnet i butikk. Daglegvarebutikkane får no mjølk med fire dagar ekstra haldbarheit.

Spørjeundersøkingar mellom forbrukarar viste at 20 prosent hadde kasta mjølk eller fløte i løpet av ei veke.

– At Tine-mjølka som forbrukaren kjøper i dag er haldbar tre-fire dagar lenger, bør bidra til at ein slår mindre mjølk ut i avløpet fordi ho har gått ut på dato, uttalar Julien Kerob i Tine.

Ifølgje matsvinnkalkulatoren til Matvett vil Tine spare klimaet for 225.000 kilo CO2-ekvivalentar ved å kaste 160.000 liter mindre mjølk. I tillegg kan verksemda selje mjølk for nesten 3 millioner kroner som ellers hadde vorte kasta, ifølgje Matvett.

Annonse

Ferskare mjølk

– Gjennom dette prosjektet har vi lukkast med å byggje ned sikkerheitslageret på anlegga våre, og samstundes har vi fått mjølka raskare levert til butikk. I tillegg har vi innført dynamisk haldbarheit og meir fleksible produksjonsdagar, seier Julien Kerob i Tine til Matvett.

Meieriprodusenten har gjennomført mange tiltak for å auke presisjonen i prognose, planleggjing og gjennomføring, heiter det i saka.

Ofte god etter-stempling fungerer

Ein kartleggjingsrapport som Østlandsforsking og Matvett har gjort viser at òg "Best før- Ofte god etter"-stemplinga har effekt på matsvinnet. Berre 16 prosent av forbrukarane som melder at haldbarheit er ei viktig årsak til at dei kastar mat, kastar meieriprodukt som yoghurt og rømme. I 2017 var talet oppe i 44 prosent.

Tine har fått redusert matsvinnet internt med 23 prosent frå 2017 til 2018, og er godt i gang med nå målsetjinga om å halvere matsvinnet sitt innan 2030.

Neste artikkel

Sp krever raskt strømsvar fra Ap: – Vi trenger styring