Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Millionsal av norske bøker i Tyskland

Jo Nesbø og Jostein Gaarder har åleine selt ti millionar bøker i Tyskland. No satsar Noreg beinhardt på å auke interessa for norske forfattarar endå meir.

Bøkene til Jo Nesbø har selt i 6 millionar eksemplar i Tyskland. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK
Bøkene til Jo Nesbø har selt i 6 millionar eksemplar i Tyskland. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

I samband med bokmessa i Frankfurt neste veke, der Noreg er hovudland, har NTB henta inn salstal frå agentane til nokre av dei mest kjente norske forfattarane.

Oversikta viser at Tyskland har vorte ein svært lukrativ marknad for norsk litteratur:

* Jo Nesbø har åleine selt 6 millionar bøker i Tyskland, opplyser Salomonsenagency, som representerer han i Tyskland. Det plasserer Nesbø på topp av lista blant dei forfattarane vi har fått tal for.

* Jostein Gaarders bok «Sofies Verden» er seld i 3,5 millionar eksemplar i Tyskland. Sjølv utan tal for dei andre utgivingane hans, plasserer dette han på andreplass på lista.

* Maja Lunde har dei siste åra gjort stor suksess i Tyskland, og bøkene hennar har lenge figurert på bestseljarlistene. Ifølgje Oslo Literary Agency har ho no totalt selt 1,5 millionar bøker på den tyske marknaden.

* Lars Myttings «Hel ved» er gitt ut i 750.000 eksemplar i Tyskland, medan talet for «Svøm med dem som drukner» er 450.000, opplyser agenten Agentur Literatur.

* Andre forfattarar som har gjort suksess i Tyskland er Anne B. Ragde (500.000 bøker), Erik Fosnes Hansen (500.000 bøker) og Per Petterson (250.000 bøker).

Annonse

Kulturpolitikk

Noreg har satsa hardt på litteratureksport til Tyskland i samband med bokmessa i Frankfurt, som blir opna av kronprinsesse Mette-Marit neste veke.

Noreg er hovudland på den gigantiske messa, og staten har spytta inn 30 millionar kroner i satsinga. Så langt har det resultert i rekordmange norske utgivingar i Tyskland i år.

– I heilskap kjem det 510 omsetjingar, nyutgivingar og bøker om Noreg. Omkring 230 av dei er nye omsetjingar, seier prosjektleiar for det norske hovudlandsprosjektet i Frankfurt, Halldór Gudmundsson, til NTB.

– Jostein Gaarder bana veg

Gudmundsson har store forventningar til at mange av nyomsetjingane òg kjem til å selje godt.

– Det kjem òg av at vi i nesten to år har hatt samarbeid med tyske bokhandlarar. Problemet kan vere at dei får masse gjesteland-bøker inn, utan at dei har noko forhold til dei, seier Gudmundsson.

Dei fem siste åra har norsk vore det niande eller tiande viktigaste språket for omsetjingar til tysk.

– Då Jostein Gaarder kom med «Sofies Verden», endra det fokuset på den internasjonale bokmarknaden. Etter kjempesuksessen hans byrja den internasjonale forlagsverda å rette blikket mot Norden. Der har Gaarder vore ein pioner. Sjølvsagt har den nordiske krimbølgja òg vore viktig. Dette er noko vi bygger på i heile denne satsinga, seier Gudmundsson.

Neste artikkel

Justisministeren varsler rask reversering av domstolsreformen