Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Miljøgift er ikkje eit problem i norsk sjømat

Miljøgifter i norsk sjømat viser seg å vere ei unødvendig bekymring, meiner professor.

Det er låge funn av miljøgifter i norsk sjømat og norsk kosthald generelt. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK
Det er låge funn av miljøgifter i norsk sjømat og norsk kosthald generelt. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Professor i global helse ved NTNU i Trondheim, Jon Øyvind Odland, meiner det er ei avsporing å fokusere på miljøgifter i norsk sjømat, skriv Intrafish. Unge menneske som sluttar å ete sjømat, vert meir sårbare grunna mangel på viktige næringsstoff, meiner han.

– Ut frå kunnskapen vi har i dag bør ein ikkje rå nokon frå å ete norsk sjømat. Tvert imot vil vi anbefale folk å ete meir sjømat av alle slag, for eksempel oppdretta laks. Problemet er at nordmenn og særleg nordkvinner et for lite sjømat, seier han.

Annonse

Det er generelt låge konsentrasjonar av miljøgifter i norsk kosthald.

– Vi finn låge og ufarlege konsentrasjonar av miljøgifter i det norske folk, seier han.

(©NPK)

Neste artikkel

Stor interesse for å levere til nytt slakteri i Gudbrandsdalen