Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Miljødirektoratet vil bruke meir biogass

Miljødirektoratet har greidd ut kor stort potensial biogass har i Noreg, og korleis politiske verkemiddel kan bidra til å auke produksjon og bruk fram mot 2030. Biogass kan erstatte naturgass og andre fossile brensel, og difor kutte utslepp av klimagassar, skriv dei.

Langtransport er ein av marknadane der biogass kan bidra til å redusere bruk av fossil energi. Foto: Volvo Truck Corporation
Langtransport er ein av marknadane der biogass kan bidra til å redusere bruk av fossil energi. Foto: Volvo Truck Corporation

– Biogass er eit godt eksempel på sirkulær økonomi. Vi utnyttar ressursane i samfunnet betre ved å lage fornybar energi av avfall. Mange av oss deltar allereie, ved å sortere matavfallet vårt. Men i dag er det for sjeldan lønnsamt for næringslivet å velje biogass, så det trengst nye verkemiddel om bruk og produksjon skal auke, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet, i ei pressemelding.

Direktoratet sender no over ein rapport til Klima- og miljødepartementet der dei peikar på fleire måtar bruken av biogass kan auke på fram mot 2030. Nokre av verkemidla som blir drøfta i rapporten, er auka CO2-avgifter, reduserte bompengeavgifter for biogasskøyretøy, stønad til produksjon og utbygging av fyllestasjonar, bruksstøtte i sjøfart og industri, offentlege anskaffingar, omsetningskrav, krav til utsortering av matavfall frå hushald og næringsliv og krav om at biologisk industriavfall skal utnyttast til energi.

Annonse

Det vil òg vere viktig å følgje med på biogasspolitikken i andre nordiske land og i EU, for å sikre at norske verkemiddel verkar etter hensikta, skriv Miljødirektoratet.

– Mange av desse verkemidla vil òg kunne ha effekt på andre energiformer, eller virke inn på import og eksport av biogass og råstoff. Styresmaktene må difor ha tunga rett i munnen når verkemiddel blir innretta, slik at ein oppnår ønskt resultat, seier Hambro.

(©NPK)

Neste artikkel

Aksjonsgruppe kjemper for å bevare matjord i Rogaland