Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Miljødirektoratet vil at rådmennene skal ta ansvar

Miljødirektoratet inviterer kommunane til å søkje om tilskot til lokale klimatiltak. Direktøren ber rådmennene ta eigarskap til og ansvar for klimaarbeidet.

Ellen Hambro i Miljødirektoratet og ber rådmenn ta ansvar for klimaarbeidet, skriv Kommunal Rapport.
Ellen Hambro i Miljødirektoratet og ber rådmenn ta ansvar for klimaarbeidet, skriv Kommunal Rapport.

Ellen Hambro er direktør i Miljødirektoratet og ber no toppleiinga ta ansvar for klimaarbeidet, skriv Kommunal Rapport.

Annonse

– Fram til no har det ofte vore eldsjeler – i administrasjonen, blant politikarane eller innbyggjarane – som har drive det kommunale klimaarbeidet framover. No må klimaarbeidet i kommunane opp på eit høgare nivå, der alle delane av kommunen har mål, planar og rutinar for å kutte utslepp. Derfor må toppleiaren ta eigarskap til klimaarbeidet, seier Hambro.

Denne veka lyser direktoratet ut klimapotten for neste år på heile 180 millionar kroner. Det skal òg lysast ut ein eigen pott på 77 millionar kroner til null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband.

(©NPK)

Neste artikkel

Dette er de åtte satsingsområdene i landbrukets klimaplan