Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Miljødirektoratet skal undersøkje klimarisiko i kommunane

Stadig meir ekstremvêr set kommunane under press. No har Miljødirektoratet fått i oppgåve å sjå kva klimarisiko kommunane er eksponerte for.

Meir ekstremvêr set kommunane under press. No skal Miljødirektoratet undersøkje kommunane sin klimarisiko. Illustrasjonsfoto: Alf Ove Hansen / NTB scanpix / NPK
Meir ekstremvêr set kommunane under press. No skal Miljødirektoratet undersøkje kommunane sin klimarisiko. Illustrasjonsfoto: Alf Ove Hansen / NTB scanpix / NPK

Regjeringa varsla i revidert nasjonalbudsjett for 2019 at dei ville vurdere om kommunane i tilstrekkeleg grad tek omsyn til klimarisiko i arealplanlegginga, skriv Kommunal Rapport.

Kommunane står overfor nye planleggingsutfordringar, både når det gjeld naturskade og økonomiske og samfunnsmessige endringar i omstilling til eit lågutsleppssamfunn, skriv Klima- og miljødepartementet (KLD) i eit brev til direktoratet.

Annonse

I brevet viser KLD til Klimarisikoutvalet, som i 2018 peika på at kommunane si viktige rolle med å sikre eit klimatilpassa samfunn bør styrkjast, og at det er behov for auka kunnskap og systematiske analysar av klimarisikoen som samfunnet står overfor.

Arbeidarpartiet har fremja forslag i Stortinget om å setje ned eit naturrisikoutval etter modell frå klimarisikoutvalet.

Direktoratet skal levera endeleg utgreiing med anbefalingar i midten av desember.

(©NPK)

Neste artikkel

Avtroppende departementsråd ut mot Miljødirektoratet