Tiltaksplanen skal vere ein oppfølgar til Nasjonal pollinatorstrategi, skriv NRK. Miljødirektoratet kallar sjølv planen sin for "lite konkret, ambisiøs og forpliktande", og fryktar han ikkje vil hjelpe insekta i det heile. Dei trur likevel at planen inneheld fleire gode tiltak.
– Dersom tiltaka blir gjennomført i eit tilstrekkeleg omfang, vil det gi gode bidrag til å nå målet i strategien, seier seksjonsleiar for truga arter og naturtypar ved Miljødirektoratet, Aina Holst.
Miljødirektoratet sjølv trur tiltaksplanen er svak fordi det skal skje innanfor budsjettramma som allereie er sett. Det er førebels ikkje løyvd ekstra pengar til å gjennomføre tiltaka.
Sabima er òg kritiske til tiltaksplanen.
– Det er absurd å tru at vi skal klare å redde insekta utan å bruke pengar. Og meiningslaust å bruke fem år på ein pollinatorstrategi utan eit fnugg av satsing bak, seier generalsekretær i Sabima, Christian Steel.
– Vi har ikkje nokon tiltaksplan
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) seier at tiltaksplanen ikkje er ferdig enno.
– Vi har ikkje nokon tiltaksplan. Vi har ein nasjonal pollenstrategi. I den ligg det at det skal bli laga ein tiltaksplan. Den har Miljødirektoratet laga eit forslag til. Den skal vi jobbe med, vi er ikkje ferdig med det, seier han.