Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Meld frå om gaupespor

Statens naturoppsyn vil gjerne høyre frå deg dersom du har sett spor i snøen etter fleire gauper som går i lag. Oppsynet vil sjå på spora og registrere dei i det nasjonale overvakingsprogrammet.

Har du sett spor etter ein gaupefamilie? Foto: Espen Forsberg / NTB scanpix / NPK

Spor etter fleire gauper i lag kan vere ein gaupefamilie. Registrering av spor er valt som metode for å overvake gaupe, både i Noreg og Sverige. I stor grad er den basert på lokal medverknad. Målet er å få registrert flest mogleg av dei familiegruppene som finst.

Annonse

– Vi er avhengige av å vere raskt på staden for å få avgjort om det faktisk dreier seg om ein gaupefamilie. Det er derfor viktig å varsle nærmaste rovviltkontakt snarast mogleg, seier Morten Kjørstad, direktør i SNO.

SNO ønskjer at spor etter fleire gauper i lag skal varslast til lokal rovviltkontakt. Det er også mogleg å leggje inn observasjonen på www.skandobs.no. Då blir regionalt rovviltansvarleg i SNO varsla på SMS og følgjer opp observasjonen.

Registreringsperioden varer ut februar.

Neste artikkel

Ulv tilbake etter 70 år – bønder fortviler