Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Meiner timelønna var nede i 50 kr i timen: – Ingen kan plukke 12 kg i timen

Fem polske ungdommar skulle plukke jordbær på Hadeland i sommar. Dei gav opp etter tre dagar på åkeren.

Illustrasjonsbilde frå Valldal i Møre og Romsdal. Arkivfoto: Bjarne Bekkeheien Aase
Illustrasjonsbilde frå Valldal i Møre og Romsdal. Arkivfoto: Bjarne Bekkeheien Aase

Paulina Fima og fire vener reiste frå Polen til Norge for å plukke jordbær på Hadeland i sommar. Planen var å vere der i fire veker, men dei gav opp etter tre dagar. Dei meiner lønna var under halvparten av det dei vart lova.

– Det er ingen som klarer å plukke tolv kilo i timen, ti timar om dagen, seier Fima.

Det var nettstaden FriFagbevegelse som omtalte saka først. Dei har òg vore i snakk med fleire jordbærprodusentar, som seier ein bør kunne vente 12 kilo i timen frå plukkarane.

– Men dette varierer etter vêret og andre forhold. Det er grunnen til at mine plukkarar får fast timelønn, og ikkje akkordlønn, seier Norges største jordbærprodusent, Per Isingrud.

Fima og venene meiner lønna kunne vere nede i 50 kroner i timen. Minstelønnssatsen for tilsette over 18 år er 123,15 kroner i timen.

I kontrakten står det at dei skal ha betalt etter minstelønssatsen. Fima meiner dei fekk betalt for mengda dei plukka, mellom 12 og 14 kroner per kilo.

I tillegg meiner ho at ho ikkje fekk sjå vekta på kva ho hadde plukka, og at det var mykje kjefting og smelling.

– Dei som ikkje jobbar, får heller ikkje lønn

Bonden, på den andre sida, seier påstandane ikkje stemmer.

– Vi justerer timelønna etter kor mykje dei plukkar, men ingen tener mindre enn 123 kroner i timen, seier Geir Hæhre. Det er han som har tilsett ungdommane for å plukke jordbær i sommar.

Han seier det har vore store utfordringar knytt til å ha ungdommane på garden.

– Dei stiller ikkje opp, går til skogs og gøymer seg i staden for å jobbe. Dei var totalt ueigna til å plukke jordbær. Dei som ikkje jobbar, får heller ikkje lønn, seier han til nettstaden.

Han legg ikkje skjul på at ungdommane har skapt stor frustrasjon.

– Mange av dei eldre arbeidarane som jobba i åkeren var sinte på ungdommane som stakk av og ikkje stilte på jobb i det heile tatt, seier Hæhre.

Bonden seier han ikkje vil tilsette ungdommar frå Polen i framtida på grunn av utfordringane han har møtt i år.

– Dei er ikkje interesserte i å jobbe. Dette er eit aukande problem, det høyrer eg fleire andre produsentar òg seier.

Har engasjert advokat

Gracja Skallerud er engasjert som advokat for fem av dei tilsette som har slutta på garden.

– Jordbærplukkarane, inkludert mindreårige, jobbar inntil 14 timar per dag. Det har ikkje blitt ført timelister og lønna er basert på akkord, utan at dei tilsette sjølv får sjå kor mykje dei har plukka, seier Skallerud.

Annonse

Hæhre seier at det både blir ført timelister og at ein sekretær noterer ned alt arbeidarane leverer, og at dette er tilgjengeleg for plukkarane. Han seier og at det ikkje er lange dagar på åkeren.

– Jordbærsesongen er dårleg i år, då er det ingen som jobbar lange dagar, seier han.

Maksimalt 50 kroner i timen

Skallerud har rekna at timelønna ville ha vore på maksimalt 50 kroner dei dagane det var nok bær. I tillegg har ungdommane betalt 70 kroner dagen for å bu på ein nedlagd campingplass på Harestua.

Allereie første dag måtte ungdommane arbeide over ti timar, medan det i kontrakten står 8 timar per dag, og 48 timar i veka.

– Arbeidsforholda er noko heilt anna enn det dei blei opplyst om på førehand.

Dei vart henta av ein buss halv fem om morgonen, som måtte køyre ein halvtime før ungdommane kunne starte plukkinga.

Lønna skulle i utgangspunktet ha blitt utbetalt etter fire veker. Skallerud veit ikkje om ungdommen får betalt for dei dagane dei har jobba, eller om dei får refundert bukostnadane.

– Ettersom det er fleire som ikkje held ut til oppgjerstidspunktet, reiser dei heim fattigare enn då dei kom, seier ho.

Ho har henta fleire av klientane sine, då dei frykta at dei ikkje fekk lov til å forlate garden. Dei seier òg at dei skal ha blitt trua med bøter om dei ikkje samarbeida med arbeidsgivaren.

– Dette er heilt ukjent for meg, seier Hæhre.

Meiner det liknar tvangsarbeid

Lars Mamen i Fair Play Bygg Oslo fekk vite om svært dårlege forhold for polske sesongarbeidarar hos ein bonde på Hadeland, og har meldt saka til Akrim senteret i Viken.

– Skildringa av forholda var såpass ille at det likna tvangsarbeid. Eg melde saka til Akrim-senteret i Viken som forstod alvoret og gjorde eit tilsyn der fleire etatar deltok, seier Mamen.

Han meiner det liknar tvangsarbeid på grunn av grov utnytting av arbeidsfolk, og at dei vart fråtekne ID, i tillegg til straff og bøter viss dei ikkje nådde akkorden.

Fima og venene meiner dei vart fråtekne ID, men Hæhre seier dei tok ID-korta for å samle opplysningar til å registrere dei hos Skatteetaten. Fima meiner dei ikkje fekk korta tilbake før etter fire dagar, og då måtte dei be om å få dei.

– Sjølv om dei eg hjalp fekk vern og ei trygg reise heim til Polen, var dei tydeleg traumatiserte av arbeidsforholda dei har møtt her i Norge. Dei blei avhøyrt av politiet før dei forlét Norge, seier Skallerud.

– Kva kan eg seier til det? Dei var totalt ueigna til å jobbe, seier Hæhre om påstanden om at ungdommane var traumatiserte av arbeidsforholda.

Barnevernet har vore på garden i samband med mindreårige i arbeid. Også politiet, Skatteetaten og Arbeidstilsynet har vore på kontroll på garden til Hæhre. Rapporten frå tilsynet skal vere klar i september.

Neste artikkel

Bondelaget og regjeringen vil få slutt på arbeidslivskriminalitet i landbruket