Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mehl til frontalangrep mot hemmeleg regjeringsnotat om EU

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) gjekk til frontalangrep på regjeringa sitt planlagde program for EU-samarbeid rett før forhandlingane om nye EØS-midlar.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) foreslo mange store endringar i angrepet sitt på regjeringa sin EU-politikk. Blant dei var eit nytt mål om at Noreg sitt bidrag til EØS-midlar skulle verte reduserte. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) foreslo mange store endringar i angrepet sitt på regjeringa sin EU-politikk. Blant dei var eit nytt mål om at Noreg sitt bidrag til EØS-midlar skulle verte reduserte. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

16. juni byrja Noreg att ein gong å forhandle med EU om titals milliardar kroner i EØS-midlar.

Reaksjonen frå Mehl kom i etterkant av eit regjeringsnotat frå utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap), som vart handsama i ein regjeringskonferanse 9. juni. Det melder Filter Nyheter.

Mehl: – Skjulte maktstrukturar og udemokratiske prosessar

Mehl hevdar EU har fått «utstrakt kritikk for manglende åpenhet, hemmelighold, skjulte maktstrukturer og udemokratiske prosesser», og krev at Noreg sitt mål i kontakt med EU må vere «å rydde opp i de store demokratiutfordringene i EU».

Merknadane frå finansminister og leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, var allereie innarbeidd i utkastet Mehl gjekk til angrep på.

Justisministeren var den einaste statsråden som ikkje ville akseptere dokumentet, og bad utanriksministeren kome med eit nytt utkast.

Enda på visa var at utanriksministeren og finansministeren fekk fullmakt til å ferdigstille regjeringa sitt arbeidsprogram for EU- og EØS-saker 2022–23.

Justisministeren fekk med andre ord korkje endra språket i arbeidsprogrammet, eller handsama saka på nytt.

Vil ikkje kommentere

Korkje Justis- og beredskapsdepartementet, statsministeren sitt kontor, eller Vedum vil kommentere den interne EU/EØS-striden i regjeringa for Filter Nyheter.

Då dei kontakta Utanriksdepartementet, svarte pressevakt Mathias Rongved også at UD ikkje kommenterer innhaldet i regjeringsnotat.

Neste artikkel

De yngste mer positive enn negative til norsk EU-medlemskap