Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Matturistane vel Finnmark

Når dei norske turistane skal oppleve norsk matkultur, er Finnmark det mest populære fylket. Den tidlegare favoritten, Sogn og Fjordane sakkar akterut som matdestinasjon.

Finnmark er mest populær hos matturistane. Molter er ei av råvarene folk assosierer med Finnmark. Foto: Gorm Kallestad / NTB/NPK
Finnmark er mest populær hos matturistane. Molter er ei av råvarene folk assosierer med Finnmark. Foto: Gorm Kallestad / NTB/NPK

Det viser ei fersk undersøking som Norstat har gjort for Stiftinga Norsk Mat. Her vart folk spurt om kva for fylke dei ville reise til for å oppleve den mest karakteristiske lokalmaten.

Reinsdyr, fisk og molter

Undersøkinga viser at Finnmark er den store vinnaren, medan alle fylka på Vestlandet og Telemark har sakka akterut på målinga.

– Finnmark hevdar seg fordi mange nordmenn opplever fylket som veldig eksotisk. I tillegg har dei råvarer i verdsklasse som molter, fisk og reinsdyrkjøtt. Samtidig ser vi at destinasjonar som jobbar jamt og trutt med å kople destinasjonen saman med gode matopplevingar, vinn kampen om turistane, seier direktør i Stiftinga Norsk Mat, Nina Sundqvist.

– Finnmark hevdar seg fordi mange nordmenn opplever fylket som veldig eksotisk. I tillegg har dei råvarer i verdsklasse som molter, fisk og reinsdyrkjøtt, seier direktør i Stiftinga Norsk Mat, Nina Sundqvist. Foto: Stiftelsen Norsk Mat
– Finnmark hevdar seg fordi mange nordmenn opplever fylket som veldig eksotisk. I tillegg har dei råvarer i verdsklasse som molter, fisk og reinsdyrkjøtt, seier direktør i Stiftinga Norsk Mat, Nina Sundqvist. Foto: Stiftelsen Norsk Mat
Annonse

Ho vil òg gi ros til Trøndelag som også har ein positiv trend og som klarer å lokke turistar med god lokalmat. Her er det spesielt vegstrekninga «Den Gyldne Omvei» i Inderøy ho vil trekkje fram som eit godt døme på at lokalmat er eitt av trekkplastera i kampen om turistane.

– Kva vil du seie til dei som ikkje har lukkast og som ikkje scorar så godt som Finnmark?

– Her er det berre å jobbe jamt og trutt kvar einaste dag. Vi veit at nordmenn har vorte meir og meir opptekne av lokalmat når dei er ute og reiser i eige land, og då er det berre å knyte dei gode matopplevingane opp mot reisemålet, seier Sundqvist.

– Opplevingane må krydrast med mat

I Sogn og Fjordane er dei naturleg nok ikkje glade over at Finnmark har gått forbi i denne kåringa. Reiselivssjef i Visit Nordfjord, Marita Lindvik, lovar å komme sterkare tilbake, men meiner at dei òg i dag er flinke til å marknadsføre lokalmaten opp mot destinasjonane.

– Lokalmaten er viktig for totalopplevinga og er på ein måte det vi krydrar reisemåla våre med. Vi veit at norske turistar er opptekne av mat når dei reiser på ferie og jobbar derfor systematisk med å fortelje kor dei kan få dei beste matopplevingane, seier Lindvik.

Neste artikkel

Turistbedrifter på statsgrunn kjempar for eksistensen