Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mattilsynet: – To nye tilfelle av falskt dyretilsyn i Trøndelag

Den siste veka har ukjende personar ringt frå eit ukjend nummer til bønder i Trøndelag og sagt at dei jobbar i Mattilsynet.

Mattilsynet åtvarar om falsk dyrekontroll. Foto: Svein Egil Hatlevik

Mattilsynet har denne sommaren blitt varsla om tre tilfelle der ein ukjend person har teke kontakt med gardbrukarar i Trøndelag og sagt at dei er frå Mattilsynet eller liknande tilsynsmyndigheit, skriv Mattilsynet i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Onsdag 10. juli blei det kjent at ein bonde på Høylandet skal ha fått besøk av nokon som gav seg ut seg for å vera dyrekontroll veka før. Bondelaget og Mattilsynet har bede bønder om å vera på vakt, då dei ikkje er sikre på kven vedkomande var. Avløysaren på garden sende vedkomande vekk.

"Mattilsynet ringer aldri frå skjult nummer og når me skal føre tilsyn så legitimerer me oss."

Legitimerer seg

Ringde frå skjult nummer

Annonse

Sidan den gong har det dukka opp to nye tilfelle, der dyrehaldarar har blitt oppringde av eit ukjend nummer. Personen i andre enden har ikkje villa presentere seg med namn, men sagt at dei er frå Mattilsynet, heiter det i pressemeldinga.

– Me ser svært alvorleg på at nokon tek kontakt med dyrehaldarar og gir seg ut for å vera frå Mattilsynet. Me veit ikkje kva slags informasjon dei er ute etter hjå dyrehaldar eller kvifor dei ønskjer å stå fram som om dei representerer oss. Me trur ikkje at hensikta bak dette er god, seier Elisabeth Schei-Berg, fungerande regiondirektør i Mattilsynet region midt.

Mattilsynet er no i dialog med politiet om hendingane.

– Mattilsynet ringer aldri frå skjult nummer og når me skal føre tilsyn så legitimerer me oss. Viss andre gardbrukarar opplever liknande situasjonar, så oppmodar me dei til å ta kontakt med ein gong, seier Schei-Berg.

Etter den fyrste hendinga på Høylandet sa Mattilsynet til Nationen at dei trur det kan vera ein reaksjon på dokumentaren «Griseindustriens hemmeligheter» som blei vist på NRK i juni.

Neste artikkel

Bønder i Rogaland: Vi vil ha et mattilsyn som fungerer