Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mattilsynet stoppar norsk forsking på trekkfuglar

Forskarar frå 17 land samarbeider om eit stort forskingsprosjekt på trekkfugl. Men dei norske forskarane får ikkje vere med. Saka er alt klaga inn til første klageinstans.

Forskarar frå 17 land samarbeider om eit stort forskingsprosjekt på trekkfugl. Men dei norske forskarane får ikkje vere med. Foto: Per Løchen / NTB/NPK
Forskarar frå 17 land samarbeider om eit stort forskingsprosjekt på trekkfugl. Men dei norske forskarane får ikkje vere med. Foto: Per Løchen / NTB/NPK

Forskinga skal blant anna finne ut korleis trekkfuglane blir påverka av vindturbinar, skriv Khrono.

Forskarar frå 17 EU-land deltek i prosjektet. Men førsteamanuensis Hans Erik Karlsen frå Institutt for biovitskap ved Universitetet i Oslo (UiO) og kollegaene hans ved fuglestasjonane Store Færder, Jomfruland og Lista får ikkje vera med. Mattilsynet har sagt nei.

Mattilsynet meiner at forskingsprosjektet vil vera «sterkt belastande» for fuglane som skal vera med. Det er Karlsen ikkje samd i. Og EU, som har godkjent søknad frå dei andre forskarane, meiner òg at prosjektet må plasserast i kategorien «lett belastande».

– I den varsla storsatsinga på vindturbinar til havs og langs kysten av Noreg og Europa er det særs viktig med gode konsekvensutgreiingar i forhold til næringssøk hos sjøfuglar og hovudrutene til små og større trekkfuglar. Då må forskarar og forvaltninga ha tilgang til avgjerande ny og relevant teknologi, og Noreg må ikkje verta stengt ute frå denne utviklinga, understrekar førsteamanuensen.

Mattilsynet skriv i ein e-post til Khrono at klagesaka er til handsaming hos Klagesakseininga i Mattilsynet, og at dei reknar med at klagen er ferdig handsama i sommar.

(©NPK)

Neste artikkel

FN-rapport viser at stadig flere sulter i verden