Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mattilsynet: Kaninar eignar seg ikkje som julegåve

Mange barn ønskjer seg kanin i julegåve, men veit foreldra kva som vert krevd for at ein kanin skal ha god dyrevelferd, spør Mattilsynet.

Mange barn ønskjer seg kaninar i julegåve. Mattilsynet meiner det bør vurderast nøye av dei føresette. Foto: Mattilsynet
Mange barn ønskjer seg kaninar i julegåve. Mattilsynet meiner det bør vurderast nøye av dei føresette. Foto: Mattilsynet

– Kaninar treng god plass, selskap av andre kaninar, mykje høy, reine bur med tilstrekkeleg strø, regelmessig stell av pelsen, klipp av klørne og sjekk av tennene. Alt dette må vere på plass for at kaninen skal ha det godt, seier seniorinspektør og veterinær Lars Erik Rondestveit i Mattilsynet i ei pressemelding.

Som seniorinspektør er oppgåva hans å kontrollere om dyreeigarar behandlar dyra sine godt og slik lova krev. Når han er på tilsynsbesøk, finn han ofte kaninar som har dårleg dyrevelferd.

Annonse

– Det er overraskande stor mangel på kunnskap om korleis kaninar bør ha det, seier Rondestveit.

Mattilsynet synest ikkje små barn bør ha kaninar som kjæledyr, fordi kaninar likar ikkje å bli løfta opp og borne rundt.

Ein kanin bør heller ikkje vere saman med hundar eller kattar. Kaninar er byttedyr og vil oppleve hundar og katter som farlege rovdyr.

– Det er ofte barn som vil ha kaninar som kjæledyr, og som får ansvaret for å stelle dei. Men det er dei føresette som etter lova er ansvarlege for kaninen viss barnet er under 16 år. Lova krev at dyreeigaren må ha kompetanse til å kunne ta seg av dyret på ein god måte, seier Torunn Knævelsrud, som leier seksjon dyrevelferd i Mattilsynet.

Neste artikkel