Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mattilsynet fann knoklar og mugg i importert fôr

Ein fôrimportør har fått omsetningsforbod frå Mattilsynet etter funn av dyrerestar og mugg. Fôret var ulovleg importert frå Baltikum.

Dyreknoklar: Dette var synet som møtte ein stall i Østfold då dei kjøpte importert fôr frå Estland. I tillegg til restar av dyr, var fôret fullt av mugg. Foto: Mattilsynet

– Vi kan ikkje forstå at bøndene tør å ta risikoen. Det er viktig at fôret gitt til dyra er trygt, og det ansvaret har den som gir fôret. Men sjølvsagt: dei som importerer fôret har aller størst ansvar, seier Anne Marie Jahr, seksjonssjef for dyrehelse i Mattilsynet, til Nationen.

Det var ei uromelding frå ein stall i Østfold som gjorde at Mattilsynet tok affære. Stallen var eitt av minst tre bruk som hadde kjøpt fôr importert frå Estland, ifølgje Mattilsynet.

For midt under ekstremtørka har behovet etter grovfôr vore massivt, spesielt i Sør-Noreg, og fleire har sett til utlandet for fôr. Denne importen var derimot ulovleg, og stallen i Østfold fann både mugg og restar av dyreknoklar i fôret.

– Restar av kadaver, inkludert knoklar, kan innehalde smittestoff frå fleire dyresjukdommar som vi ikkje ønskjer her i landet, seier Jahr.

Akutt forgifting

Det importerte fôret blei selt til to gardar i Østfold og éin gard i Hedmark. Tilsynet meiner fôret utgjer ein så stor fare for folke- og dyrehelsa i Noreg at de må bli destruert.

– Mugg kan forårsake abort hos drektige dyr og akutt forgifting, i tillegg til ei rekkje luftvegs- og hudsjukdomar. Nokre smittestoff i beinrestar og mugg kan bli overførte til matprodukt som for eksempel kjøt, mjølk og meieriprodukt, fortel Jahr, og legg til:

– Dette kan gjere menneske sjuke.

Utover omsetningsforbod har Mattilsynet pålagt importøren å samle opp alt fôret som blei selt og køyre det til godkjent destruksjon.

Blir destruert: Store mengder importert fôr må no destruerast, opplyser Mattilsynet. Her er delar av fôret, avbilda måndag. Foto: Mattilsynet

Bondelaget: – Trist

I Norges Bondelag blir saka sett på som ei stadfesting på dei mange åtvaringane dei har komme med.

– Vi har brukt mykje tid på å informere gardbrukarar. Vi har oppfordra til å bruke norsk fôr så langt som råd, men om ein må importere, så må ein sikre at det ein får tak i er bra, seier Margrete Nøkleby, næringspolitisk sjef i Bondelaget.

Midt oppe i fôrkrisa har der vore ei gryande uro for smitte i importert fôr. Funn av knoklar og mugg omtalar Nøkleby som «trist, rett og slett».

– Her er det gardbrukarar som får dårleg, ubrukeleg fôr. Det er verkeleg å setje seg sjølv i ei knipe. Denne episoden viser kor stor risiko det er, meiner Nøkleby.

– Kva tenkjer du om bøndene som blir råka?

– Dei har tatt ein risiko når dei gjer dette. No får dei dessverre smake medisinen. Eg håper alle så langt som mogleg prøver å sikre seg norsk fôr, for då slepper ein slike farar.

– Forstår du at bønder tek risikoen under fôrkrisa?

Annonse

– Vi ser resultatet her, då. Du veit aldri kva du får når du brukar useriøse aktørar, då kan ein dessverre få det slik, meiner Nøkleby i Norges Bondelag.

Uregistrert importør

Ifølgje Mattilsynet var importøren i dette tilfellet ikkje registrert som fôrvareverksemd, noko alle som importerer og sel fôr frå utlandet skal vere.

– Alle som importerer fôr er ansvarlege for å oppfylle krava som blir stilt til import i regelverket. Dette inneber både krava som blir stilt til trygt fôr og krav til registrering av verksemder. Desse krava var ikkje på plass i denne saka, slår Jahr fast.

Tilsynet er òg klare på at kjøparane av importert fôr må passe ekstra godt på. Jahr peiker på at det berre er lov å kjøpe for frå verksemder registrerte hos Mattilsynet.

– Du må også føre register over alt fôr du har kjøpt, og kven du har kjøpt det frå. Dersom du kjøper fôr frå utlandet sjølv, blir du rekna som importør med alle forpliktingane det medfører, seier Jahr.

Oppfordring: Anne Marie Jahr, seksjonssjef for dyrehelse i Mattilsynet, seier bønder kan sende uromeldingar via nettsidene til tilsynet. Foto: Mattilsynet

Fryktar fleire saker

For Mattilsynet er det viktig å gi god informasjon om kva land det er tryggast å importere fôr frå, dersom import er naudsynt.

– Det er alltid ein risiko for at dyre- eller plantesmitte kan følgje med fôr frå utlandet, og vi oppfordrar folk til å følgje rettleiingane og importere frå dei tryggaste landa, seier Jahr.

Veterinærinstituttet har, på oppdrag frå Mattilsynet, vurdert at Sverige og Finland, samt delar av Island, er dei tryggast områda å importere frå.

– Det er lov å importere fôr frå alle EØS-land og rundt ti andre land. Det betyr likevel ikkje at det er lurt. Import frå desse landa medfører auka risiko for at det blir med smittsame dyresjukdommar, planteskadarar og ugras som vi ikkje har i Noreg, seier Jahr.

– Vi ser auka import av fôr som følgje av tørka. Trur du vi vil sjå fleire liknande saker som denne framover?

– Det kan fort skje, for det er veldig mange som er desperate etter fôr. Vi oppmodar bøndene til å sikre at fôret ein kjøper er trygt. Ikkje ver for rask til å ta inn ting ein ikkje veit kva er, oppmodar seksjonssjefen for dyrehelse i Mattilsynet.

– Meld frå!

Avslutningsvis oppfordrar Jahr alle til å melde frå om dei mistenkjer ulovleg importert eller utrygt fôr.

– Vi kan ikkje føre tilsyn med alle fôrparti som kjem over grensa, men vi gjer stikkprøver og følgjer opp uromeldingar. Det er viktig at alle som mistenkjer at fôret ikkje er trygt eller rett importert, seier frå til oss slik at vi gjer det vi kan for å halde ved like den gode dyrehelsa vi har i Noreg, seier Jahr.

Uromeldingar kan sendast inn via heimesidene til Mattilsynet.

Neste artikkel

Mjølkepriskuttet: - Dramatisk for bøndene