Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mattilsynet fann antibiotika i fjørfefôr

Ikkje alle prøvane stod med glans då Mattilsynet testa dyrefôr for uønskte innhald.

Mattilsynet har kome med resultata frå det årlege overvakingsprogrammet for landdyrfôr. Foto: Svein Egil Hatlevik

I 2018-versjonen av Mattilsynets overvakingsprogram for landdyrfôr har dei analysert i alt 249 prøvar for innhald av tilsetningsstoff, uønskte stoff og ulovlege animalske protein.

Formålet med overvakinga er å sikre trygt fôr og trygge produkt frå landdyr, skriv Mattilsynet på nettsidene sine.

I løpet av fjoråret undersøkte dei 83 typar fullfôr, 50 typar kraftfôr til drøvtyggarar, 94 typar norsk fôrkorn, 18 importerte vegetabilske fôrmiddel og fire vitamin- og mineralpremiksar.

Det viktigaste funnet blei gjort i prøvane av fôr til fjørfe. Fôrtypane skulle ikkje innehalde antiparasittmiddelet koksidiostatika (narasin), men seks av dei gjorde det likevel. I éi av prøvane var innhaldet monensin (antibiotika) over grenseverdien.

Annonse

Mindre muggsopp

Utanom dette, var det ingen store brot på forskriftene.

– Me fann ingen overskridingar av uønskte stoff eller ulovleg bruk av animalske protein til drøvtyggarar. Salmonella blei heller ikkje påvist i prøvane, skriv Mattilsynet.

Dei legg til at nivåa av mykotoksin (muggsoppforgifting) i prøvane generelt var låge samanlikna med tidlegare år.

Det blei også analysert for tungmetall i totalt 56 prøvar av fôrblandingar, prøvar frå gardsblanderi, importerte vegetabilske råvarer og premiksar. Det blei ikkje påvist resultat av tungmetall over grenseverdi. Totalt 32 prøver blei analysert for eit utval av kopar, sink, vitamin A og selen.

Neste artikkel

Bønder i Rogaland: Vi vil ha et mattilsyn som fungerer