Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mattilsynet åtvarar mot å kjøpe plantar frå utlandet

Utanlandske plantar kan bere med seg organismar som kan true den norske plantehelsa. Mattilsynet er bekymra for auka privathandel av plantar frå utlandet.

Foto: Mariann Tvete

Sjølv om plantehelsa i Noreg er god samanlikna med andre europeiske land, gir den aukande handelen høgare risiko for at nye skadegjerarar etablerer seg i landet.

– Kjøper du plantar frå utlandet, risikerer du at det følgjer med skadedyr og plantesjukdommar som kan gjere stor og uoppretteleg skade. Andre land i Europa strevar med mange skadedyr og plantesjukdommar som vi til no har vore skåna for i Noreg, seier planteseksjonssjef Are Tømmerberg Sletta i Mattilsynet.

Annonse

Også plantar som ser friske ut, kan ha skadelege blindpassasjerar. Mattilsynet rår både kommersielle og private aktørar til å ikkje kjøpe planter frå useriøse aktørar som ikkje kan legge fram eit nødvendig plantehelsesertifikat.

– Om vi ikkje er varsame når vi handlar plantar og jord frå andre land, så kan det få store konsekvensar, åtvarar Tømmerberg Sletta.

På slutten av 1980-talet kom den hata brunsnigelen til Noreg truleg med importerte plantar eller jord. Snigelen er eit godt døme på ein utanlandsk art som har skapt store skadar og frustrasjon blant norske hageeigarar og jordbrukarar.

For tida er billearten asiatisk trebukk, plantesjukdommen ramorum-greinvisning og bakteriesjukdommen pærebrann blant dei største truslane mot den norske plantehelsa.

Neste artikkel

Raja krever mer effektivitet i jernbanearbeidet