Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Matsentralen Norge har fått berekraftpris

Matsentralen Norge har vunne berekraftprisen «Årets håndtrykk».

«Årets håndtrykk» er Storebrands berekraftpris og vert delt ut til aktørar som gir ei hjelpande hand for å løyse klimautfordringane i verda.

– Matsentralen Norge er verkeleg ein verdig vinnar. Sentralen ligg i år an til å omfordele 2.000 tonn overskotsmat til vanskelegstilte personar, noko som svarar til 4 millionar måltid og bidrar til at dei sparer miljøet for 6.000 tonn CO2-utslepp frå mat som elles ville blitt kasta. Det kallar eg berekraft i praksis, seier landbruks- og matminister Bård Hoksrud.

Annonse

Landbruks- og matdepartementet bidrog til etableringa av Matsentralen i Oslo i 2013. I 2017 opna matsentralar i Bergen, Bodø, Tromsø og Trondheim. Det vert jobba med å opne matsentralar i Rogaland, på Sørlandet og i Vestfold/Telemark. I tillegg vert det vurdert matsentralar i Oppland og Østfold.

Matsentralane distribuerer fullverdig overskotsmat frå daglegvarebutikkar, grossistar og produsentar til vanskelegstilte personar.

Matsentralen Norge (MNS) blei etablert i 2017 og hjelper og utviklar nye og eksisterande matsentralar, og fungerer som ein ressursbank for redistribusjon av overskotsmat.

Neste artikkel

Reagerer kraftig på russeknute